Det var styret i kraftlaget som fatta mistanke mot mannen, ifølgje Haugesunds Avis.

Den grove økonomiske utruskapen skal ha pågått frå 1997 og ut 2001. I alt er mannen tiltalt for 57 fakturaer som er belasta kraftlaget; frå elektrofirma og reisebyrå til bilforretningar og bensinstasjonar.

Ein større sum er i ettertid attendebetalt. Det er sett av fire dagar i Sunnhordland tingrett i juni til saka.