Eit firma som har videoovervaka Aurlandselvi, meiner andre konsulentar opererer med minst ti gongar for høge fisketal.

Det er full strid i forskingsmiljøa på fisk etter at selskapet Norsk Naturovervåking sist sommar overvaka Aurlandselvi med videoutstyr. I rapporten konkluderer dei med at tidlegare overslag over fiskemengde er meir enn ti gonger for høge. Granskingar basert på tradisjonelle metodar for å finne ut kor mykje småfisk av laks og sjøaure som vandrar ut frå vassdraga, kan vere heilt feil.

Selskapet Rådgivende Biologer, som sidan 1995 har undersøkt livet i elva i Aurland, karakteriserer bestandstala i rapporten frå Norsk Naturovervåking som usannsynleg små. Dei krev ei avklaring frå Direktoratet for Naturforvaltning, elles vil dei rett og slett sjå bort frå videoregistreringa.

Åtte kamera

Dersom funna i undersøkinga frå Norsk Naturovervåking er korrekte, inneber det at så godt som alle bestandsgranskingar i norske lakseelevar må leggjast i skrivebordsskuffa. Grunnen er at dei aller fleste er utført på same måte som Rådgivende Biologer har gjort i Aurland.

Denne tradisjonelle metoden går ut på at det tidleg om våren blir fanga smolt (ungfisk som er klar til å gå ut i saltvatn) med elektriske fiskeapparat. Småfisken blir merka og sett ut att. Ei tid seinare blir det sett opp smoltfeller. Forskarane tel så opp kor mykje merka og umerka fisk som går i fellene. Ut frå forholdstalet, reknar dei seg fram til eit estimat over kor mykje smolt som står klar til å vandre ut.

Norsk Naturovervåking har hatt kamera i utløpet av den nedste store hølen i Aurlandselvi. Eit forsøk i avgrensa skala i 2005, gav så interessante resultat at det blei avgjort å gjennomføre ei fullstendig overvaking sist sommar. I perioden frå 21. april til 31. oktober stod åtte undervasskamera ute. Kamera hadde lys som kom på i mørket. Signala blei lagra på harddiskar som i ettertid blei analyserte.

Enorme skilnader

Resultatat i dei to undersøkingane er så sprikande som det går an. Medan Rådgivende Biologer i si gransking kjem fram til at det i fjor var 23.993 laksesmolt i elva, har Norsk Naturovervåking registrert 350 som gjekk ut i fjorden. Tilsvarande tal for sjøaure var 29.931 og 881. Når Norsk Naturovervåking korrigerer for periodar der grumsete vatn og andre forhold kan ha gjort at småfisk har snike seg forbi utan å bli oppdaga, kjem dei fram til at tala i andre undersøkingar er minimum ti gonger for høge.

— Vi kan ikkje gjere anna enn å ta konsekvensen av det vi ser, seier Anders Lamberg i Norsk Naturovervåking.

— Korleis kan du forklare den enorme skilnaden i dei to undersøkingane?

— Ein hypotese kan vere at det i andre granskingar blir merka fisk som likevel ikkje går ut.

Lamberg seier han lenge har hatt mistanke om at metodikken for å bestandsvurdere lakse- og sjøaureførande vassdrag, kan gje store feilmarginar.

— I Alta er det overslag som viser at det kvart år går ut kring ein halv million laksesmolt. Berre fire prosent kjem tilbake. Vi snakkar om tonnevis med fisk som berre blir borte. Om utvandringa er så enorm, måtte det blitt oppdaga spor av all denne fisken.

— Kor trygg er du på at videoregistreringa er korrekt?

— Vi ser det som skjer med våre kamera. Eg kjenner meg trygg på at vi har fått med oss dei store linjene.

På kvar sin planet

Det gjer derimot ikkje Rådgivende Biologer. Dei meiner tala Lamberg har kome fram til, er usannsynlege.

— Vi er på kvar vår planet, seier forskar Harald Sægrov. Han viser til elvar som er undersøkte med feller som fangar all smolt. Desse har synt godt samsvar med tal som har kome fram etter metoden med fanging, merking og ny fangst.

— Vi kan vere med på å diskutere feilmarginar i vårt arbeid, men ikkje i den grad Lambergs resultat viser.

— Men Norsk Naturovervåking seier deira kamera ser alt?

— Det kan dei ikkje gjere, svarar Sægrov som er varsam med å gå ut med teoriar om kva som kan vere årsaka til den veldige differansen. Han peikar likevel på at Lambergs kamera i liten grad har fanga opp smolt som vandrar ut om natta. Fangsten i fellene til Rådgivende Biologer viser tvert om at mesteparten av småfiske forlet elva når det er mørkt.

— Men berre ein svært liten prosent av all smolten Rådgivende Biologer har funne, kjem tilbake til elva. Kvar blir han av?

— Han daudar. Overlevinga har dei siste tiåra vore veldig låg. Mykje tyder på at dette har med temperaturforhold og næringstilgang å gjere.

— Kva om Lamberg har rett?

— Ja, då er det ikkje berre mange bestandsrapportar som er feil. Då må også alle lærebøker skrivast om, seier Sægrov.

apneseth oddleiv