EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no

Dokumentfalsk. Grovt bedrageri. Momssvindel. Skattesvik. Underslag. Forsikringssvindel. Legg så til sterkt mangelfull reknskapsføring, ikkje innbetalt forskotstrekk og ubetalte barnebidrag, og du har hovudingrediensane i tiltalen mot Arnt Vidar Vågen (40). I fjor haust vart han varetektsfengsla for å hindre endå fleire økonomiske brotsverk, og han blir eskortert av to fengselsbetjentar til og frå Bergen byrett medan rettssaka mot han pågår.

Tilsette utan lønn Arnt Vidar Vågen (40) har vore aktiv i byggjebransjen i Bergen sidan 1990, og hadde på det meste 50 tilsette. Det tok til med selskapet Waco AS, som gjekk konkurs med ein smell i 1993. Sidan har det gått slag i slag: Vågen har vore inne i 10 andre selskap som alle har fått same ublide lagnad. Han har vore varetektsfengsla også ein gong tidlegare, og har pådratt seg konkurskarantene på vegen mot denne vekas rettsoppgjer.

To av forretningsområda Vågen spesialiserte seg i, var utleige av arbeidskraft i byggjebransjen og rehabilitering.Tilbake står tilsette som ikkje har fått lønn, leverandørar som ikkje har fått betalt for varene sine og ein skattefut som meiner seg snytt for over to millionar kroner.Til saman meiner aktor Tore J. Sørland at Vågen har unndratt eller lurt til seg verdiar for om lag fem millionar kroner..

Flybillettar og banklån Vågen skal blant anna ha lurt Den norske Bank til å låne 150.000 kroner til Bima Bygg A/S, ved å forfalske underskriftene til tre kjenningar. Dei vart dermed ståande som kausjonistar for lånet. Han er også tiltala for å ha brukt falsk identitet til å få ut varer verd 160.000 kroner frå Drange Bruk A/S, og for å ha lurt til seg flybillettar for 150.000 kroner frå Widerøe.

Vågen nektar seg skuldig på dei fleste av tiltalepunkta, og hevdar at han i fleire tilfelle har vorte gjort til syndebukk av forretningspartnarar. I retten forklarte han dei mange konkursane med at han har vore sjuk.

— Eg er manisk depressiv. Når eg er inni ein manisk periode, finst det ingen grenser. Eg blir altfor kreativ, og får eit stort pengeforbruk.

— Og når du er depressiv? ville forsvarar Christian Grahl-Madsen vite.

— Då klarer eg ikkje å gjere noko, då ligg eg i senga mi.