Laksevåg-jenta reiste til Valen sjukehus i Kvinnherad i 1969 for å få praksis. 15 pleiarår — og deretter 15 lærarår - seinare kasta ho seg ut i gjestehusbransjen på heiltid.

— Det var Geir som oppfordra meg til å kjøpa tomten, seier Elin Stene (57). Ho siktar til sambuar Geir Rusten (54), bygningsmann og eigedomsutviklar, og det første etablissementet hennar - Fiskesteinen sjøhus på Sunde.

Då Fiskesteinen blei reist i 1997 med fem husvære og restaurant, hadde Elin Stene undervist i helse- og sosialfag ved Kvinnherad vidaregåande skule i 15 år. Ho hadde skrive lærebøker og fått stipend, og hadde dermed ordna seg fritid nok til å pønska ut alternativ bruk av eigne ressursar.

Unge ut av byen

I 2003 kjøpte Elin Stene og Geir Rusten ærverdige Handeland gard saman med Elin si dotter Linn Stene Hellås (30) og hennar sambuar Kristian Jansen (35). Dei to unge flytta frå gode jobbar i helse og forsikring i Bergen for å prøva lukka i overnatting- og serveringsbransjen i Kvinnherad.

Handeland gard sør for Valen var frå 1938 til 1995 ein koloni under Valen psykiatriske sjukehus. Eigedommen som Stene, Rusten og Jansen kjøpte av Hordaland fylkeskommune for 1,5 millionar kroner, og som ligg praktfullt til med utsyn mot Høylandssundet og Sunnhordlandsbassenget, er kraftig renovert med sikte på sin nye bruk.

I hovudetasjen er det ein stor sal for konferansar, bryllup og andre gjestebod, i underetasjen pub og forsamlingslokale. Andre høgda har 13 dobbeltrom. Det er også planar om å innreia loftsetasjen til gjesterom.

Fiskesteinen sjøhus og Handeland gjestegard representerer i dag 50 gjestesenger og eit dusin deltidsarbeidsplassar.

Luftbru frå England

Som sjukepleieutdanna har mor og dotter Stene planar om å utvikla Handeland gjestegard som eit mål for kultur- og helsereiser.

Selskapet har fått midlar frå forskningsrådet til å marknadsføra seg mot britiske turistar som vel billigselskapet Ryanair frå London til Haugesund. Dette skjer mellom anna i samarbeid med Utsira Havstuer, der Geir Rusten er medeigar.

— Vi ser eit reiselivspotensiale i Kvinnherad som på langt nær blir utnytta godt nok. Vi vender blikket mot Sunnhordland, Bergen, Haugesund og utlandet, seier Elin Stene.

Som ein lagnadens ironi opplevde Stene at Kvinnherad Reiselivslag samla seg til gravøl i hennar lokale for fleire år sidan. I mangel av ein lokal bransjeorganisasjon meiner ho i dag likevel å kunna ordna ei tilfredsstillande marknadsføring av eigne tilbod.