— Vi har fått skarp kritikk og den vil vi lytta til, seier fylkesleiar Kjetil S. Andersland til Bergens Tidende.

Han ville ta tyren ved horna, og vigde heile elevforsamlinga til dei interne problema i organisasjonen. Samlinga vart lagt til Voss der opposisjonen no er sterkast - etter at Arna tok konsekvensen av misnøya og melde seg ut.

— Organisasjonen er til for elevane. Er dei misnøgde, må vi gjera noko, seier Andersland.

Men gjennomgripande endringar kan det neppe bli etter samlinga i helga. Berre 15 av dei 39 vidaregåande skulane i fylket sende offisielle delegatar. Det må vera minst 20 for at forsamlinga skal vera vedtaksfør.

Vil justere kursen

— Vi lyttar til det som blir sagt, og prøver å justera kursen i det daglege arbeidet, seier Andersland på vegner av fylkesstyret.

Dei to nestleiarane Ingvar Johannessen og Alexander Lund har trekt seg frå verva sine, men kunne ikkje erstattast sidan møtet ikkje var vedtaksført. Lund seier til Bergens Tidende at han heilt har mist motivasjonen på grunn av den indre uroa i fylkesorganisasjonen.

Knut Olav Nestås heldt det mest kritiske innlegget. Han er elevrådsleiar ved Voss vidaregåande skule, som faktisk ikkje er innmeldt i organisasjonen. Han fekk likevel koma til orde fordi han er med i nettverket av elevråda for dei fem vidaregåande skulane på Voss. Der skal kritikken mot fylkesstyret vera bastant.

Samanslåing av skular

Medan striden rasar, står arbeidet med aksjonsplanen i stampe. Det er uvisst kva for aksjonar og demonstrasjonar dei vil gjennomføra.

Årsmeldinga fortel likevel om full semje om kjernesakene. Fritt skuleval er dei mot så lenge valet er reelt berre for dei flinkaste elevane. Samanslåing av skular er dei mot. Fylket har vedteke at åtte skular skal slåast samen til fire. Og Elevorganisasjonen meiner at merknadspraksisen er tilfeldig og urettvis. Lærarane har ulik praksis. Enkelte elevar risikerer nedsett ordenskarakter for å gløyma ei bok i ny og ne, medan andre slepp unna med alvorlegare misferder.

KRITIKK: Knut Olav Nestås (i blå skjorte) har samla ei gruppe rundt «tjukkasen» i gymsalen på Voss gymnas for å drøfta Elevorganisasjonen sitt indre liv.