— Det var berre flaks at ingen blei tekne. Skulebussen hadde nett køyrt forbi, og rett etter raset kom fleire personbilar til staden, fortel Vik-ordførar Marta Finden Halseth til NRK Sogn og Fjordane.

Ordføraren pendlar kvar dag strekninga på fylkesveg 92 inn til Vik sentrum, og var mellom dei som måtte vente på at vegen blei rydda før ho kom seg på jobb.

Steinane har losna høgt oppe i fjellsida. Finden Halseth seier raset har gått på ein stad der det titt og ofte kjem stein ned i vegen.

— Dette er ein plass vi prøver å komme oss raskt forbi. Det er ikkje uvanleg at vi må ut av bilane og rulle bort stein frå vegbana. Eg køyrer ofte forbi her med hjartet i halsen.

Statens vegvesen hadde etter klokka åtte mannskap på staden for å rydde, og fylkesvegen var stengd berre ein kortare periode. Ifølgje Sogn Avis vurderer vegvesenet å sende geolog opp i fjellsida for å sjå på tilhøva. Årsaka er at det har gått fleire steinsprang i området siste tida.