— Om vi ikkje driv i strid med lova, er vi heilt i grenseland, seier leiaren i undervisningsutvalet i kommunen, Finn Ove Njøsen (H).

Grunnskulen i største vekstkommunen i Sogn og Fjordane går på sparebluss. Førde er ein av dei kommunar i landet som brukar minst pengar per elev, 50.000 kroner.

— Paradokset er at vi i prosent av kommunebudsjettet brukar meir enn gjennomsnittet, seier Njøsen. Forklaringa er at Førde har ei ung befolkning og låge skatteinntekter. Nesten 20 prosent av innbyggjarane går anten i barnehage eller grunnskule.

Har ikkje råd

Njøsen legg ikkje skjul på at han er uroa over situasjonen. Ut frå totalsøknaden blir halvparten av alle søknader om spesialpedagogiske tiltak for elevar med lærevanskar avslått. Kommunen har ikkje råd å hjelpe skulesvake elevar.

— Tiltaka vi avslår er tilrådde av våre fremste fagfolk. I all hovudsak er det veldokumenterte søknader.

Resultatet har blitt ein klagestorm. I alt 40 foreldra har anka avslag om spesialpedagogiske tiltak for sine ungar. Dette er halvparten av alle klagesaker i fylket. Men realiteten er at dersom ein av desse får medhald, har ikkje kommunen pengar til å setje inn.

I tillegg slit kommunen med stort investeringsbehov til vedlikehald og opprusting av nedslitne skulebygg.

To millionar ekstra

I dag handsamar kommunestyret i Førde ein søknad om å løyve to millionar kroner ekstra til spesialpedagogiske tiltak for dette året. Problemet er at pengane ikkje finst.

— Eg trur ikkje bystyret kan gå inn for ei så stor løyving. Dermed må skulane sjølve dekke i alle fall ein del av ekstrautgiftene. Men skulane driv så stramt at det snart berre er vikarutgifter att å gå laus på. Resultatet er at skuleklassar frå hausten må få fri, når læraren er sjuk, seier Njøsen.

— Er det i tråd med norsk lov?

— Ja, slik vi tolkar lovverket.

Det er derimot utdanningsdirektør Bjørn Tønnesen ikkje samd i.

— Elevane skal ha eit visst tal undervisningstimar. Det er lovfesta. Ein kommune kan ikkje gje elevar fri.

Skulenedlegging

Konsekvensen av pengekrisa i Førde-skulen kan bli skulenedlegging. På dagens møtet i kommunestyret kjem Høgre-gruppa til å føreslå nedlegging av Holsen skule. På denne måten vil kommunen spare 600.000 kroner.

Leiaren i arbeidsutvalet ved skulen, Anne-Marie Vallestad, gjer det klart at dei vil kjempe mot nedlegging.

— Vi har ikkje vore klar over at det kan bli reist framlegg om dette i bystyret. Vi har ein god skule i ei bygd med stor aktivitet og mykje nybygging. Den vil vi slåss for å behalde, seier Vallestad.

NEDLEGGINGSTRUGA: Førde er ein av dei kommunar i landet som brukar minst pengar per elev i grunnskulen. Skulebudsjettet er skrapa til beinet. I dagens kommunestyremøtet kjem det framlegg om å leggje ned Holsen skule
Foto: Oddleiv Apneseth