Kommunen vann saka i tingretten, tapte i lagmannsretten og anka saka inn for Høgsterett. Men no er anken avvist av Høgsterett.

Dommen der lagmannsretten slo fast at guten ikkje fekk tilstrekkeleg spesialundervisning ved Sagatun skule i Balestrand kommune, blir dermed ståande som rettskraftig. Det er klart at kommunen som eigar av skulen må betale nær ein halv million kroner i sakskostnader pluss erstatning.

Kor stor erstatninga blir er ikkje kjent, men elevens advokat Bjarne Hodne vil truleg krevje fleire hundretusen kroner.

— Det er ikkje rett av meg å gå ut med noko tall før det er presentert for kommunen, seier Hodne til Bergens Tidende. ý Dette skjer først etter påske.

Klienten hans har altså vunne fram med påstanden om at skulen ikkje gav eit fullverdig skuletilbod med den spesialtilpassa undervisinga han hadde krav på, og at han der-for oppnådde langt dårlegare resultat.

I dag går eleven på vidaregåande skule, men må bruke meir tid enn klassekamerata-ne. Ifølgje Hodne ville han hatt det lettare i dag om han hadde fått tilrettelagt undervis-ninga betre i grunnskulen.