17-åringen sprang stafett på grusbana på Sandane i Gloppen då uhellet skjedde.

— Han sklei og klarte ikkje å stoppa og trefte eit spyd som stakk opp av bakken litt til side for bana. Spydet gjekk gjennom låret og stakk ut på den andre sida, fortel assisterande rektor, Inger Marie Sande, til firda.no.

Guten er sendt til Førde sentralsjukehus.

— Det skal etter forholda stå bra til med han, seier Sande til firda.no.

Den skadde eleven blei raskt teken hand om av lærar og medelevar, ifølgje firda.no