Guten var saman med ein 18 år gamal UWC-elev og bada i Norddalsvatnet i Botnane i Bremanger kommune då ulukka skjedde.

Skulle symja femti meter

Dei to mennene hadde sommarjobb på eit settefiskanlegg i området. Dei er ikkje norske, men var i Noreg i sommar for å jobba. Tysdag kveld ønskja ikkje politiet å fortelja kva land den skadde kjem frå av omsyn til pårørande som ikkje er varsla.

— Dei hadde gått til vatnet for å bada og skulle symja ut til ein flåte om lag femti meter uti vatnet. Om lag halvvegs fekk den eine problem og gjekk under.

Det fortel Einar Vereide, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Vatnet ligg på fjellet, om lag ein kilometer frå næraste hus, slik at badekameraten måtte dit for å henta hjelp.

Sentralsjukehuset i Førde melder at mannen har lege om lag 35 minutt under vatn.

— 18-åringen måtte springa om lag 10 minutt for å henta hjelp, seier Vereide.

Han fekk med seg folk som dykka etter 19-åringen, og det vart deretter utført gjenoppliving på staden. Guten vart funnen på sju meters djup og var utan puls og pust då ein fekk han opp av vatnet. Han vart deretter sendt med luftambulanse til Sentralsjukehuset i Førde.

Tilstanden kritisk

— Guten døydde like før klokka 21.30, på intensivavdelinga, seier Vereide.

— Luftambulansen var i Bergen, slik at det tok 20 minutt før han kom til staden, fortset han.

— Det er ikkje nokon ønskjesituasjon, men det slikt som av og til skjer, seier Vereide.