— På Vestvidda var det bra med dyr då jakta starta 20. august, men etter berre nokre få dagar drog flokkane austover mot mellom anna Øvre Numedals statsallmenning og Tinn. Sidan har det vore få dyr her vest, opplyser Aslak Myrvang frå Eidfjord. Han er leiar i Hardangervidda villreinutval.

Endra vindretning for rundt ei veke sidan gjer at optimismen likevel er på veg tilbake.

— Nordvestleg vind har ført store flokkar med dyr vestover og inn i Eidfjord dei siste dagane. Så seint som i går vart det observert fleire tusen dyr i Veigdalen i traktene rundt Hedlo turisthytte. Det betyr at utsiktene for jegerar her vest er lysare no.

Jaktfrie soner funker

I fjor vart fleire område på Hardangervidda freda for jakt, til dømes Eidfjord statsallmenning sør for Nordmannslågenvassdraget og Ullensvang statsallmenning nord for Kvennavassdraget.

— Arealet utgjer ein stor frisone og ei form for korridor for reinsdyra mellom aust og vest på Hardangervidda. Røynslene frå i fjor var veldig positive, og det ser ut til at dette kan vera grunnen til at så mange dyr no har komne seg heilskinna vestover til Hordaland, seier Myrvang.

I Veigdalen og i dei andre, private områda vest i Eidfjord skulle forholda no vera gode, meiner han.

Fellingsprosent på 30

Hardangervidda villreinnemnd har i år sett det samla fellingsløyvet til 9000 dyr. I fjor haust var kvoten på 7000 dyr, av desse vart det felt 2067. Det utgjorde ein fellingsprosent på nær 30, som var det beste på fleire år.

Hittil i haust er det felt ca. 1400- 1500 reinsdyr.

Europas største villreinstamme held til på Hardangervidda, som berører dei fire fylka Hordaland, Telemark, Buskerud og Sogn og Fjordane. Av dei ti kommunane som er innlemma i Hardangervidda er Eidfjord, Odda, Ullensvang, Ulvik og Aurland.