Innstillinga frå fylkesutvalet var at dei tre klassane skulle flyttast frå Granvin til Voss, fordi dei eigentleg er filialar av Voss vidaregåande skule. Innsparinga for fylket ville vera ca. 500.000 kroner.

I staden bad fylkestinget om å få ei ny sak om samarbeid mellom dei tre vidaregåande skulane på Voss, som Voss gym-nar, Rogne vidaregåande skule og Voss vidaregåande skule. Dei vidaregåande klassane i Granvin er filialar av Voss vidaregåande skule. Meininga var å flytta klassane attende til Voss frå skuleåret 2006/2007.

– Eg trur vi kan seia at klassane i Granvin er berga, seier fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, H, til bt.no.

Pål Kårbø frå KrF trur det same.

– Det ville vera litt meiningslaust å ta denne saka oppatt seinare og med same innstillinga som no, seier Kårbø.

Granvin-ordførar Olav Seim og varaordførar Jan Ivar Rødland var letta etter møtet.

– Vi har ei kjensle av at det går rette vegen no. Det har vore ein tung haust for Granvin, seier Rødland, og viser til slakteriet som vert lagt ned.

Dei to lokalpolitikarane har ikke lege på latsida, og til slutt kom dei opp med eit tilbod om fri husleige for dei tre elektelektroklassane, som er filialar av Voss vidaregåande skule. Det utgjer ca. 350.000 kroner, medan fylkeskommunen såg føre seg ei innsparing på vel 500.000 kroner ved å flytta dei tre klassane attende til hovudskulen på Voss.

– Eg synest ikke det vil vera rett at kommunen skal måtta ofra så mykje for å halda på dei tre klassane. Men innsparingskravet på Voss, ein million kroner, det står fast, seier Pål Kårbø.