— Eit viktig steg framover for den maritime næringa, sa næringsminister Monica Mæland (H) som døypte verdas første heilelektriske bil- og passasjerferje på Omstrand i dag. Over 200 menneske omkransa gudmora og MF «Ampère» som gjer sin debut i E39-sambandet Oppedal-Lavik på Sognefjorden 1.januar.

Dåpen ved Fjellstrand verft skjedde i ruskevêr med korpsmusikk og ungar frå Strandebarm skule, og representantar for rutelaget Norled og Statens vegvesen.

120 batteripakkar

Fartøyet til 200 millionar kroner har enno ikkje alle papir i orden til prøvetur, så testane av dei 120 batteripakkane under dekk har skjedd med 120-bilarsferja fortøydd ved kai. Ifølgje teknisk sjef Sigvald Breivik i Norled og prosjektleiar Edmund Tolo hos Fjellstrand fungerer systemet som det skal.

I desember forflyttar ferja seg til Sognefjorden for uttesting av ladestasjonane og eit nytt sugekoppsystem som skal fungera som fortøyning.

Ferja har gjennom ein namnekonkurranse fått namn etter den franske fysikaren og matematikaren André-Marie Ampère som utvikla det teoretiske grunnlaget bak forståinga av elektromagnetismen.

- Prinsippet det samme

Fartøysjef Steinar Johnsen har tidlegare ført ferjer i Hardanger, og trur ikkje overgangen til «Ampère» blir så stor.

— Prinsippet er det samme; å frakta passasjerar og bilar frå A til B, seier Johansen.

Aluminiumsferja som ligg ved kai hos Fjellstrand er derimot nokså ulik andre ferjer under dekk. I kva ende er det plassert batteripakkar som yter i alt 900 kilowatt. Dei må ladast opp på kvar kai mellom turane frå eigne batteripakkar plassert på land for å unngå for stor belastning på det lokale straumnettet.

Mæland kan bidra

Næringsminister Monica Mæland seier at hennar departement kan bidra til ei utvikling med fleire nullutsleppsferjer gjennom vilkår knytt til statlege innkjøp.

— Eg trur det samme vil skje med batteriferjer som med gassferjer, at det kjem ein god del fleire. Miljøorganisasjonen Zero reknar med at rundt halvparten av alle norske ferjesamband kan elektrifiserast, sa administrerande direktør Ivan Fossan i Norled ved dåpen av «Ampère».

— Dette er ei historisk hending. Verdas første batteriferje av slik storleik, 80 meter lang og med ti tonn batteri om bord. Slike prosjekt stryrkar verftrsindustrien i Noreg. Vi set stor pris på at det i neste års stasbudsjett er sagt at miljøeffektivitet skal prioriterast ved tildeling av nye kontraktar, sa Fjellstrands administrerande direktør Ivar Gaute Kolltveit.

- Enorm merksemd

— Det er ei enorm internasjonal merksemd rundt denne el-ferja , og det skjer veldig mykje både her til lands og i utlandet når det gjeld batteridrift av skip, seier Narve Mjøs, direktør for batteriprosjekt i Det Norske Veritas. På vel eit halvår har selskapet hatt nær hundre nordmenn på introduksjonskurs i maritim batteridrift.

STOLT SKUTE: El-ferja «Ampère» ved dåpsseremonien på Omastrand torsdag. Frå v. fartøysjef Steinar Johnsen, gudmor Monica Mæland, blomejente Tuva Tvedterås Fagervik, styreleiar i Stavangerske Yuhong Jin Hermansen, adm. direktør Ivan Fossan i Norled, og adm. direktør Ivar Gaute Kolltveit ved Fjellstrand verft. Foto: Ove A. Olderkjær

— I det siste har vi sett ei fantastisk utvikling i batteriteknologien. Batteria blir lettare og lettare, og ikkje minst går prisen nedover - rundt 75 prosent dei siste fire åra. Dette vil slå ut også på maritime batterisystem, seier Narve Mjøs.

Det samme seier Marius Holm i miljøorganisasjonen Zero, som har arbeidd lenge for fleire nullutsleppsferjer.

— Noreg har verdas bestre el-bilmarknad. No kan vi få samme posisjon maritimt. Det beste vi kan gjera for klimaet, er å laga ein marknad for nullutsleppsløysingar, seier Marius Holm.