— Tjeldstø er eit av dei viktigaste overvintringsområda for sangsvaner i Hordaland.

Eg sjekka òg Osvassdraget og Kalandsvatnet, men der såg eg ingen, seier Grastveit.

Med ei kraftig telelinse fekk han festa dei til filmen idet dei flaug opp frå eit vatn på Tjeldstø. Grastveit forklarar at dei to svalene flaug rett over han då biletet vart tatt.

Svanene kjem mest truleg frå Finnmark eller Finland, men dei kan òg kome frå Russland. Mange av dei kjem hit via Austlandet, der det no byrjar å bli for kaldt. Grastveit, som er ivrig fuglekikkar, seier det er vanleg at svalene kjem på denne tida.

I tida framover kan fugleinteresserte glede seg over stadig fleire sangsvaner på Vestlandet, og her blir dei til april. I fjor overvintra omlag 350 sangsvaler i Hordaland, og 60ý70 av dei slo seg ned i lyset frå Sture oljeterminal, som ligg rett ved naturreservatet på Tjeldstø.

— Det er eit fint område for å studere våtmarksfugl. Der er mellom anna eit observasjonshus som fylkesmannen har sett opp, seier Grastveit.