– Kor lenge har Bulken IL halde det gåande med innandørs fotballcup i romjula?

– Eg har kome ut av teljinga. Trur det må vera 18 år no. Vi måtte avlysa ein gong på grunn av vasslekkasje og forstskade i idrettshallen.

– Dette ser både du og deltakarane fram til?

– Javisst. Her er det mange aktive og lettare avdanka fotballspelarar frå Voss og nabobygdene som møtest. Dei bur gjerne spreidd rundt om i landet men så kjem dei heim til jul, og då er det organisering og styr i vennegjengane for å stilla eit lag.

– Med løgne namn?

– Det har gått sport i å finna på namn som Pickin' apple, Turbo Jugend og Retard Penguins. Poetry in Motion er eit lag med spelarar spreidd over heile landet, og som har kome til A-finalen fleire gonger.

– Nøgd med deltakinga i år?

– I vaksneklassane har vi meir enn i fjor, men det har svikta i aldersbestemte klassar.

– Kvifor?

– Der ser ut til at lagleiarar og trenarar i fotballklubbene prioriterer andre gjeremål i romjula. Vi hadde faktisk berre eitt klubblag påmeldt.

– Og dei andre?

– Det var vennelag, som for vaksne. Gutane vil gjerne spela, men når leiarane sviktar, er det ikkje så veldig mange grupper av spelarar som får organisert lag og påmelding. Det skal ein heller ikkje venta av så unge.

– Er dette berre moro, eller alvor?

– I utgangspunktet er det moro, men når gutar og menn spelar fotball, blir det fort alvor.

– Og skadar?

– Vi prøver så godt vi kan å unngå skader. Sidan golvet er hart, er det forbod mot sklitaklingar, men dommarane bles ikkje kampen i hel, heller, når fordelsparagrafen kan brukast.

– Høgdepunkt?

– Det må vera gutefinalen i fjor. Den gjekk for fulle tribunar klokka 23.30 om kvelden. Då var det god stemning og skikkeleg trøkk.

– Du er både turneringsleiar, dommar og speaker?

– Her under turneringa, ja. Dessutan fotballdommar, trenar, lagleiar og leiar i klubben elles i sesongen.

– Leiar i Bulken IL?

– Nei, i fotballgruppa. Vi har sjølvaste Vossaordføraren som gallionsfigur og leiar av hovudlaget. Gunn Berit Lunde Aarvik får ikkje lura seg unna lokale verv fordi om ho er blitt ordførar.

– Og så har du fått ny Kiwi-butikk?

– Ja, det var på tide at vi fekk til utvidinga. Det er ikkje så enkelt midt i sentrum. Vi hadde det frykteleg trongt lenge.

UNIKUM: Frode Tufte er turneringsleiar og steppar inn i alle funksjonar under Romjulscupen i Voss Idrettshall. Her som vakthavande i kampsekretariatet.