I går skulle 90 år gamle Nils Bjøkhaug og funksjonshemma Anny Inger Strandos tvangsflyttast frå Lavik sjukeheim til sjukeheimen på Kyrkjebø. Det hadde formannskapet i Høyanger avgjort. Men fylkeslege Petter Øgar (biletet) greip inn onsdag, etter klage frå dei pårørande. Dermed er flyttinga utsett til etter påske.

Tor Inge Romøren er forskar i sosialforskingsinstituttet NOVA (Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring). Han meiner kommunen sannsynlegvis ikkje har noko anna alternativ enn å ordne eit tilbod for den funksjonshemma kvinna i lokalmiljøet.

Kvinna har vore pasient ved Lavik sjukeheim som no skal leggjast ned. Kommunen ville først flytte kvinna til sjukeheimen på Kyrkjebø, over fire mil unna. Seinare har formannskapet delvis gått tilbake på denne avgjerda, og bedt administrasjonen sjå på om det er råd å finne ei løysing i Lavik-området.

Romøren viser til at fleire kommunar har tapt rettstvistar om saker som minner sterkt om den frå Lavik.

Juridisk korrekt

Derimot meiner Romøren at kommunen reint juridisk har sitt på det tørre, når dei vil flytte ekteparet Johanna og Nils Bjørkhaug, sidan kommunen no har tilbydd kona husvære nær ektemannens nye sjukeheim.

NOVA-forskaren seier dei vanlegaste konfliktsakene av denne typen har vore der eldre foreldre har ønskt omsorgstilbod utanfor heimkommunen, på plassar der ungane har slått seg ned. Her har styremaktene gripe inn og sagt at kommunane har plikt til å gje eit tilbod.

I tillegg har det vore fleire døme på at ektefolk har blitt skilde, fordi eine parten har fått behov for sjukeheimsplass. Når den andre i parforholdet då har ønskt å flytte med, har kommunar med rette nekta.

Unikt

— Men at ektepar blir skilde med tvang etter at det har blitt gitt eit omsorgstilbod, trur eg må vere unikt. Så når kommunen seier det er heilt vanleg at eldre ekteparet blir skilde når eine parten får eit omsorgsbehov, tek dei i alle fall delvis feil, seier Romøren.

Til Bergens Tidende seier Romøren at han har forståing for argumenta frå begge partar. Kommunen må tenkje økonomi. Dei kan seie at ekteparet no har fått eit rimeleg tilbod. På andre sida blir ekteparet og familien deira ramma unødvendig.

— Men mi erfaring er at der det er vilje til å leite etter det, finst det løysingar som alle partar kan leve med.