Straumen forsvann på Lindås bu og servicesenter rundt klokka 23.30 onsdag kveld.

23 eldre bebuarar var dermed utan straum og varme.

— Har det bra

Sjukeheimen ved sidan av tok straks i bruk eit naudaggregat. Men folket i omsorgsbustadene måtte klare seg utan varme, radio, TV og kaffitraktar heilt til straumen kom tilbake i ettermiddag litt før klokka fire, ifølgje hjelpepleiar Marit Njøten.

— Dei eldre har det bra. Dei har jo opplevd ein krig, nokre kanskje to, så dei har jo vore med på verre ting. Det er hardføre folk, seier Njøten.

Høgspentfeil

— Bebuarane fekk tilbod om middag på sjukeheimen. Elles har det jo vore varmt og fint vêr, så det vart ikkje store panikken. Hadde dette skjedd om vinteren hadde det vorte eit veldig stort problem. Dei eldre har berre elektrisk oppvarming i bustadene.

— Straumbrotet skuldast ein kabelfeil som ramma sju transformatorar, fortel Ingunn Halvorsen, kommunikasjonsrådgjevar i BKK.