Fleire eldre skulle bli fornøgde, dei svakaste skulle få det betre og forskjellane i pleie— og omsorgstilbodet skulle bli mindre. Dette var intensjonane i Handlingsplanen for eldreomsorga.

Derfor vart det investert i over 24.000 sjukeheimsplassar og omsorgsbustader, og vel 12.000 årsverk frå 1998 til 2001.

Men det har ikkje gått heilt etter planen. Eldre er mindre tilfreds med pleie- og omsorgstjenestene i dag enn før handlingsplanen.

Forskarane har samanlikna to brukarundersøkingar frå 1997 og 2001, basert på eldre sine eigne erfaringar før og etter handlingsplanen vart gjennomført. Alle er over 70 år. En femdel av de som i fjor svarte på spørsmåla frå forskarane bur i Bergen.

Føler seg einsame

I 2001 svarte 68 prosent at dei alt i alt er fornøgde med pleie- og omsorgstjenestene. Dette er rundt 17 prosentpoeng færre enn i 1997.

Rapporten viser også at færre er fornøgde med maten, bustaden og hjelpa dei får.

På spørsmål om dei eldre opplever boligen som ein heim, svarar berre 56 prosent ja, og det er ein nedgang på 28 prosentpoeng sidan 1997. I rapporten kjem det også fram at over halvparten føler seg einsame, og synest at hjelparane har for lite tid til å snakke med dei.

— Hvis vi skal ta brukarane på ordet, er intensjonane i handlingsplanen ikkje innfridd, til tross for milliardane staten har brukt, seier forskar ved Rokkansenteret, Sturle Næss, til BT:

Det aller meste av ressursane har gått med til fornying av boligane. Men det er ingen garanti for at tjenestene blir betre sjølv om bustaden blir betre.

— Er handlingsplanen feilslått?

— Brukarundersøkingar er ikkje alltid lett å tolke. Men ut frå dei eldres egne vurderingar kan det vere grunnlag for å hevde at alt ikkje har gått etter planen, ettersom mange eldre synest at dei har fått det verre dei siste åra.

Pleie frå 100 ulike personar

12.000 årsverk høyrest flott ut, men har likevel ikkje ført til at skrøpelege eldre får særleg meir hjelp enn før.

— Omrekna kan vi grovt seie at kvar brukar har fått seks minutt ekstra kvar dag. Ein stor del av auken i årsverk har dessutan vore heilt nødvendig for å halde tritt med det aukande talet på eldre, seier Næss. Ein av deltakarane i brukerundersøkelsen fortel at han fekk hjelp av hundre personar frå heimesjukepleien i løpet av eitt år!

— Det omfattande hjelpebehovet har resultert i at brukarane har fått langt fleire tilsette å forhalde seg til. Men mange eldre gir uttrykk for at dei ønskjer seg få og stabile tilsette.

Ikkje krise

— Kva må gjerast for å betre eldreomsorga?

— Hvis det finst éi god løysing, hadde problemet vore løyst for lengst. Pleie- og omsorgstenesta er ei av dei mest kompliserte tenestene å styre, fordi den skal ivareta så mange og motstridande målsetjingar samtidig, svarar Næss.

— Er det krise i norsk eldreomsorg?

— Nei. Norsk, offentleg eldreomsorg er truleg blant dei beste i verda, men signala frå brukarane må ein gripe fatt i. Situasjonen bør særleg vere bekymringsfull for dei aller skrøpligaste, seier Næss til BT.

– Men politikarane har både tid og råd til å setje seg ned og diskutere kva dei meiner med kvalitet i eldreomsorga. Hvis ein ny kurs skal stakast ut, bør det i større grad leggjast vekt på synspunkta til brukarane og dei tilsette.