Det var i fjor at den eldre mannen frå Nordfjord skal ha møtt den 15 år gamle jenta i eit chatte-rom på nettet, og dei to skal etter ein del kontakt ha utvikla ein kjennskap.

Møttes etter chat

Ifølgje tiltalen møttest dei to som følgje av nettchaten, og den eldre mannen skal ved fleire høve ha gjennomført samleie med den mindreårige jenta.

Gjennom den eldre mannen skal også ein mann i 20-åra ha greidd å få kontakt med jenta. Han er tiltalt for å ha hatt eitt tilfelle av seksuell omgang med henne.

Ingen av dei to skal ha kjent jenta på førehand. Etter det Bergens Tidende forstår, skal ho ha vore tett på den seksuelle lavalderen på tidspunktet da dei straffbare forholda skal ha skjedd.

– Vi har ikkje haldepunkt for at han skal ha oppretta kontakt med andre mindreårige, seier politiadvokat Bjørn Larsen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Ikkje straffskuld

Advokat Per Kjetil Stautland skal bistå den fornærma jenta i retten når saka kjem opp for Fjordane tingrett 4. april. Han understrekar at saka på fleire måtar er svært vanskeleg for klienten.

– Det vil bli sett fram krav om erstatning, seier Stautland.

Advokat Tore Heggen representerer den eldste av dei to tiltalte i saka. Han opplyser at klienten truleg ikkje kjem til å erkjenne straffeskuld i saka.

– Pr. i dag meiner han i alle fall at vilkåra for straffskuld ikkje er oppfyllte.

– På kva måte?

– Eg ser ikkje vekk frå at villfaring rundt alder kan bli eit poeng i saka. Ut over dette ønskjer eg ikkje å bidra til at det blir meir fokus på denne saka, seier Heggen.

– Alltid vaksnes ansvar

Korkje Nye Kripos eller Redd Barna har oversikt over kor mange saker av denne typen som hittil har blitt oppdaga og behandla i norsk rettsapparat.

Men Redd Barna meiner uansett at mørketala er store, og at det er trong for betre rettsvern for barna.

– Redd Barna har utarbeidd eit forslag til ein norsk variant av den britiske grooming-lovgjevinga. Dette inneber at det blir straffbart for vaksne berre å forsøke å bruke nette til å treffe mindre mindreårige. Men vi har ikkje fått nokon respons frå justisdepartementet så langt, seier Marianne Borgen, som er ansvarleg for organsiasjonens barnerettigheitsarbeid i Norge.