No i morgontimane undersøkjer politiet om mannen kan ha vore andre stader i natt, men så langt er det lite som tyder på det. Den sakna mannen eigde huset.

Det var ein heimesjukepleiar som oppdaga brannen rundt klokka tre natt til fredag. Heimesjukepleiaren hadde vore i kontakt med den eldre mannen torsdag kveld. 20 personar deltok i sløkkingsarbeidet.

Men dei kunne lite gjere då huset var overtent før dei kom til brannstaden. Berre pipa og muren står att av bustadhuset.

Huset som brann ligg like vest for Leikanger sentrum.

Ein eldre mann er sakna etter at eit bustadhus i Leikanger i Sogn brann ned til grunnen natt til fredag. (Foto: Eirik Thue)