Mannen var sterkt nedkjølt, og vart send til sjukehuset i Førde. Det var folk som kom forbi som fann mannen. Politiet vart varsla om ulykka klokka 17.15.

Ifølgje politiet i Sogn og Fjordane låg båten ved land på sin vante plass, så mannen har truleg falle i vatnet på veg om bord eller i land frå båten.