Begge vart sende til Haukeland Sykehus med brotskader. Tilstanden for dei to var alvorleg og stabil laurdag kveld, og begge skulle opererast.

Den 82 år gamle kvinna var i fred med å krysse vegen ved Bradbenken på Bryggen då ho vart påkøyrd av ein 76 år gammal mann i bil klokka 10.45.

Kvinna pådrog seg eit alvorleg beinbrot og blødde frå munnen då politiet kom til staden. Bilen fekk store skader og knust frontrute i smellen.

— Vitne har forklart at kvinna gjekk ut i vegen på raudt lys, seier vaktsjef Osvald Nordvik i Bergen politidistrikt til bt.no.

Vel to timar seinare small det igjen, denne gongen i ein fotgjengarovergang ved Kjøkkelvik skole. Bak rattet i bilen som køyrde henne ned sat ein 81 år gammal mann.

— Kvinna var komen midt ut i gangfeltet. Ho fekk skader i hovudet, i ein arm og i ein fot, seier vaktsjef Nordvik.

Det var ikkje lysregulering ved fotgjengarfeltet. Sjåføren vart difor fråtatt førarkortet på staden, noko han også sjølv samtykte i. Båe bilførarane var edru.

ý Veret var dårleg laurdag formiddag, og då er det er dessverre fort gjort å ikkje følgje godt nok med, seier vaktsjef Nordvik.

GJEKK PÅ RAUDT: Den 82 år gamle kvinna gjekk ut i fotgjengarfeltet på Bradbenken på raudt lys. Tilstanden hennar var i går alvorleg, og ho vart operert ved Haukeland Sykehus for brotskader.
MARITA AAREKOL