Problemet er at Masoumeh Bakhtiari i utgangspunktet ikkje har lov til å inngå ekteskap, fordi ho ikkje har opphaldsløyve i landet.

Den 28 år gamle iranske tobarnsmora fekk i januar avslag på søknaden om opphald. I 1999 tok ho dei to ungane med seg og reiste til Danmark. Tre år seinare vende danske styremakter tommelen ned for asylsøknaden. Då flykta ho vidare til Norge, og har siste åra budd i Sogn.

Masoumeh er skild frå mannen ho har to barn saman med. Men ho fryktar likevel at dei to døtrene blir tatt frå henne, og at ho sjølv blir dømd til steining for utruskap, dersom ho blir send tilbake til heimlandet.

Avslag

28-åringen er no sambuar med den danske statsborgaren Sardang Mardani. Han har dei siste åra drive restaurant i Luster. Dei to ønskjer å gifte seg, men kan ikkje, fordi Masoumeh ikkje har lovleg opphald i landet.

Nemndleiar Bjørn Vagle i Utlendingsnemnda avslo søknaden om opphald. Vedtaket er no kravd omgjort, mellom anna basert på at Masoumeh og Sardang planlegg ekteskap. Og Vagle utelukkar ikkje at giftarmål kan påverke utfallet av den nye handsaminga.

— Sorenskrivaren skal undersøkje om vilkåra for å inngå ekteskap er til stades. Når ho ikkje har opphaldsløyve, har ho i utgangspunktet ikkje lov å inngå ekteskap, seier Vagle.

— Men då er vel det ikkje så mykje å gjere då?

— Vi har vel sett ein del døme på det motsette. Vår erfaring er at enkelte sorenskrivarembete har vurdert slike saker noko annleis. Eit ekteskap kan påverke utfallet, svarar Vagle.

Dersom den 28 år gamle iranske kvinna får opphaldsløyve, kan ho også søkje familiegjenforening med ungane.

Dersom Masoumeh og Sardang hadde gifta seg før saka blei endeleg avgjort, ville ho hatt rett på opphald. Då kunne ho også søkt om, og hatt rett til, familiegjenforening.

Klar sak

Nemndleiar Bjørn Vagle seier til Bergens Tidende at ut frå gjeldande reglar har ikkje den iranske kvinna rett på opphald i Norge. Saka var i utgangspunktet så klar at nemndleiar Vagle tok avgjerda utan å kalle saman heile nemnda.

Utlendingsnemnda kan ikkje sjå at det i denne saka er sannsynleggjort at eksmannen vil forfølgje henne om ho blir send tilbake til Iran. Og sjølv om det skulle skje, meiner nemnda iransk straffelov er slik at Masoumeh ikkje vil bli dømd. Dei viser også til at dei spesielle lovene om steining for utruskap er lite brukte. Iranske styremakter har mellom anna avgjort å be domstolane slutte å idømme steining.

— Men her har Amnesty eit anna syn, dei meiner det kan bevisast at desse lovene er i aktiv bruk?

— Vi støttar oss på våre fagfolk. Eg trur faktisk ikkje det er så stor skilnad på vårt og Amnestys syn på dette, seier Vagle.

Avslaget i nemnda gjer at Masoumeh pliktar å reise frå Norge frivillig. Dersom det ikkje skjer skal politiet setje i verk vedtaket.

— Politiet er rutinemessig underretta. Men når det no er reist krav om å ta saka opp att, vil politiet neppe tvangseffektuere vedtaket, seier Vagle.

Den iranske kvinna vil altså få bli i landet til Utlendingsnemnda har vurdert søknaden om opphaldsløyve på ny.

MÅ GIFTE SEG: Dersom asylsøkjar Masoumeh Bakhtiari finn ein sorenskrivar som vil la ho gifte seg med sambuaren, kan ho truleg få innvilga opphald i Norge. <p/>FOTO: TERJE ULVEDAL