EYSTEIN RØSSUM

— Det triste er alle dei uerstattelege tinga. Gammalt sølvty, måleri, saker vi har arva, slike ting. Det er veldig leitt. Alt anna kan kjøpast att, seier Ordemann.

Han står i målingsflekkete skjorte og bukse utanfor rekkjehuset sitt i Askeladdveien 20 i Fyllingsdalen. Røyken ligg tjukk, brannfolk på taket arbeider framleis med å drepe flammene. Heile husværet til han og kona er totalskadd, inne er både stova og dei andre romma heilt utbrent.

- Flammane slo ut

Ordemann var aleine heime i går ettermiddag, kona Randi var på arbeid.

— Eg stod på kjøkkenet og måla. Plutseleg tok brannalarmen til å pipe. Eg sprang rundt for å finne kvar det kom frå, og kjende røyklukta med ein gong. Då eg kom ut i gangen, slo flammane ut av eine bua, fortel Ordemann.

Han prøvde å å finne fram pulverapparatet for å sløkkje varmen, men måtte gje tapt.

— Det brann alt for kraftig. Eg risikerer ikkje livet for å berge eit hus, seier Ordemann, som ikkje fekk med seg ut noko som helst.

Skader også hos naboen

Ein nabo såg røyken, og varsla brannvesenet. Dei slo full alarm, og rykte ut med fem store bilar frå Laksevåg, Årstad og frå Hovudbrannstasjonen.

— Då vi kom fram, var huset overtent. Vi måtte konsentrere oss om å hindre at brannen spreidde seg, seier brannsjef Helge Eidsnes, som sjølv rykte ut til brannstaden.

Naboseksjonen i rekkjehuset fekk mindre røyk- og vasskader i takkonstruksjonen. Eigarane der er på ferie. Dei andre seksjonane i rekkjehuset slapp frå brannen med kraftig røyklukt.

Flytta på ein frysar

Ordemann hadde tidlegare på dagen flytta på ein frysar som stod inne i bua der det tok fyr.

— Eg oppdaga vatn på golvet, og drog fram frysaren for å tørke opp. Etterpå skubba eg han tilbake på plass. Eg veit ikkje kvar vatnet kom frå, eller kva som kan ha tatt fyr. Men det må ha vore noko med det elektriske, seier Ordemann.

Han og kona Randi hadde budd i huset sidan det var nytt i 1967. Om ein månad skulle han feire 70-årsdagen sin der.

— Invitasjonane er akkurat sendt ut. Det er ikkje noko å gjere med det. Nå får vi finne oss ein annan plass å bu, seier Ordemann.