— Eg slepper det ikkje inn over meg enno, sukkar Johanna Bjørkhaug.

I to år har ho budd i eldrebustad i Lavik. Vegg i vegg ligg sjukeheimen der ektemannen Nils har vore pasient like lenge. Han sit i rullestol etter at begge beina måtte amputerast. Kvar einaste dag har dei to vore saman.

Sist laurdag kom brevet om at Nils skal flyttast. Til sjukeheimen på Kyrkjebø drygt fire mil lenger inne i fjorden.

— Dette er rett og slett hjarterått, meiner sønene Jan og Kjell.

Skal leggjast ned

I fjor haust vedtok kommunestyret i Høyanger å leggje ned sjukeheimen i Lavik. Det betyr at sjukeheimpasientane må overførast til andre sjukeheimar i kommunen. Men helsesenteret i Lavik, med mellom anna eldrebustadane der Johanna bur, skal bestå.

Sist laurdag kom brevet. Dei seks pasientane som siste tida har vore på Lavik sjukeheim skal flyttast. Datoen er sett til førstkommande torsdag, 14. mars. Nils Bjørkhaug har fått plass på Kyrkjebø.

— Vi har venta i det lengste med å fortelje det til far. Men vi måtte jo til sist. Han har reagert sterkt. Dei siste månadene har han vore i godt lune. Men no er han nedfor og deprimert. Det har ikkje vore så lett å få kontakt med han dei siste dagane, fortel Kjell Bjørkhaug.

- Eit overgrep

Dei to sønene meiner det som no skjer med foreldra rett og slett er eit overgrep.

Men ekteparet Bjørkhaug og barna deira er ikkje dei einaste som opplever det som no skjer som traumatisk. Ei handikappa kvinne i slutten av 50-åra skal også flyttast. Ho har syskjen og foreldra som begge nærmar seg 90 år, buande i Lavik-området.

— Pasientane sitt ve og vel betyr null og niks når slikt som dette kan skje, meiner Kjell Bjørkhaug.

Han tvilar på om kommunen har lova på si side i det dei no gjer, og viser til lov om sosialtenester som seier at tenestetilbodet så langt råd er skal utformast i samråd med klienten. Og at det skal leggjast stor vekt på det pasienten meiner.

— I tillegg har Statens helsetilsyn sagt at dei vil gripe inn dersom kommunar driv helsetenesta slik at det er til skade for pasientane. Eg kan ikkje sjå anna enn at det som no skjer med far vår er til skade for han.

Sterke kjensler

Striden kring Lavik sjukeheim har pågått over fleire år. For ei tid sidan sa leiaren i sosialkomiteen på Stortinget, Jon Alvheim (Frp), at det kommunepolitikarane i Høyanger har gjort, bryt med intensjonane i Stortinget.

Etter at kommunestyret gjorde nedleggingsvedtak, har helselaget i Lavik fått utarbeidd planar om å byggje ein privat sjukeheim i bygda.

Jan og Kjell Bjørkhaug legg ikkje skjul på at dei vil klage på vedtaket om å flytte faren. Dei har ein klagefrist på fire veker, men faren skal altså flyttast lenge før fristen for å anke er ut.

— Berre det viser korleis denne saka har blitt behandla, meiner dei to sønene.

TVANGSSKILDE: Etter 64 års ekteskap skal Johanna og Nils bu på kvar sin plass. Nils som har amputert begge beina og sit i rullestol, skal flytttast til sjukeheimen på Kyrkjebø meir enn fire mil unna.
FOTO: TERJE ULVEDAL