Vaksdal sjukeheim har hatt store problem med å få fylle opp vaktlistene i sommar. Løysinga har blitt å hente inn pensjonistar. Då BT var på besøk laurdag kveld hadde halvparten av personalet passert pensjonsalder. Slik var det førre helg også.

— Vi er fantastisk heldige som har ein slik stall med fagfolk som gjer ein kjempeinnsats. Eg tør ikkje tenkje på kva vi skulle gjort utan, då måtte vi andre gått doble skift, seier Sølvi Hovlandsdal, vakthavande sjukepleiar.

Turid Ulevik (72), Lillian Aas (72) og Anna Bruvik (66) er alle gamle travarar ved sjukeheimen. Ulevik har vore på huset i 34 år.

— Eg liker meg veldig godt her. Som pensjonist kan ein seie ja eller nei som det passar, seier 72-åringen, som har si tredje arbeidshelg på rad ved demensavdelinga.

Etterlyser ungdommen

Det er ikkje første gongen kvinnene stepper inn, men i sommar har det vore ekstra mykje ringing etter dei.

— Særleg på slutten av sommaren har det vore vanskeleg å skaffe nok folk. Det dukka opp ein del sjukefråvær vi ikkje hadde rekna med, seier Terje Flage, einingsleiar for pleie og omsorg.

Han er ikkje betenkt over å hyre inn pensjonistar.

— Det er dyktige folk som gjer ein god jobb. Så lenge dei er kvalifiserte, er det berre positivt.

Dei tre kvinnene vil helst sjå ungdommen i arbeid, og har sagt klart ifrå at dei må vere siste utveg på ringjelista.

— Utan pensjonistane hadde det ikkje gått rundt i sommar, og vi er veldig takknemlege for at dei stiller opp. Men det skal ikkje vere slik at dei kjenner seg pressa til å gå i arbeid, seier verneombod Karen Skagen.

Lovprisa på jobb

— Det er ikkje ei plage, men av og til har eg kjent meg litt trøytt. Vi kan seie nei, men samtidig veit vi kor trasig det er å vere underbemanna, seier Ulevik.

— Når dei ringer og spør om eg kan kome, og fortel at dei har ringt 15 personar før meg, så er det vanskeleg å seie nei, skyt Bruvik inn.

Men kvinnene trivst godt, og vil stå i arbeidet så lenge helsa tillet det.

— Eg har aldri følt meg så verdsett og fått så mykje lovord i arbeidslivet som etter at eg gjekk av meg pensjon, slår Bruvik fast.

— Det er ei god kjensle å kunne brukast til noko, men det er jo feil å drive ein sjukeheim på pensjonistar, meiner Ulevik.

- Lett arbeid

Responsen var mager då kommunen lyste ut stillingar som sommarvikar på sjukeheimen.

— Det skjønnar eg ikkje, så kjekt som vi har det. Dei unge trur det er så tungt, men med alle dei gode hjelpemidla vi har i dag, går jobben lett, seier Lillian Aas.

For hjelpepleiarane er det ikkje uvanleg at dei steller pasientar som er yngre enn seg sjølve.

— Eg tenkjer ikkje så mykje på det, men takkar Vår Herre for at eg kan stå på beina, seier Ulevik.

Frå familie og bygdefolk har kvinnene fått reaksjonar på at dei arbeider mykje, men pasientane set stor pris på å ha jamaldringar rundt seg. Det er lett å finne ting å snakke om, ifølgje kvinnene.

Klokka har passert 21, og det betyr at vakta er over. Ulevik har fått nyss om at det er lite bemanning i etasjen under, og tilbyr seg å stå ein time lenger. Dei klarar seg - denne kvelden.

— Då kjem eg att i morgon, og då skal vi ha det gøy og danse, seier Ulevik til to kvinner i TV-stova. Dei får ein klem før ho forsvinn ut døra.

OLDEMOR I ARBEID: - Ungane seier eg ikkje må arbeide så mykje, men eg er jo vaksen, til og med oldemor, så eg må jo bestemme sjølv, seier Anna Bruvik (66) til v. Her saman med kollegaene Turid Ulevik og Lillian Aas (72).
Erlend Spurkeland