På Voss jordbruksskule er dei flinke til å finna nye vegar for å halda oppe elevgrunnlaget når stadig færre ungdomar satsar på tradisjonell jordbruksutdanning.

Lina for naturbruk og naturforvaltning er godt innarbeidd ved skulen, og hestelina vart suksess frå første dag. Frå hausten kan dei også lokka med villmarksliv og ekstremsport samstundes som elevane skaffar seg studiekompetanse for dei fleste universitets— og høgskulestudium.

— Vi greip sjansen då vi oppdaga at Voss Rafting Senter blir næraste naboen vår, fortel studieinspektør Svein Inge Styve ved Voss jordbruksskule til Bergens Tidende.

Raftingsenteret har spisskompetanse og kostbart spesialutstyr som vi kan nytta oss av. Som gjenyting kan elevar med bygningsteknikk på timeplanen delta i den fysiske oppbygginga av det nye Raftingsenteret.

— Elevane har siste åra bygt undervisningsrom, ridehall, og er nettopp ferdige med stallane. Difor høver eit nytt byggeprosjekt med realistiske oppgåver godt inn no, seier Styve.

Voss Rafting Senter har kjøpt ein eigedom ved Dugstadfossen i Skulestadmo og set i gang med ombyggingsarbeid så snart dei siste offentlege løyva er i orden.

— Vi flyttar til Dugstadfossen fordi vi har plassmangel på Vangen. Særleg har dusj og garderobar vore ein mangelvare, parkeringsplassar også, seier dagleg leiar Frode Sandbakk i Voss Rafting Senter til Bergens Tidende.