Alt disponibelt mannskap var ute og strødde vegane søndag morgon, opplyste Vegtrafikksentralen tidlegare i dag.

Søndag kveld er det framleis glatt på vegane fleire stader.

Voss, Hardanger og Osterøy verst

— Det er særleg ille på Voss og i Hardanger. I tillegg har me fått inn ein del klager på Osterøy, seier vaktoperatør Eli Solberg i Statens Vegvesen.

Ho seier vidare at det ikkje er fullt så ille i bergensområdet og i Sogn og Fjordane.

— Det er ikkje sikkert det blir glatt i morgon tidleg, men me har beredskap klar i tilfelle det skulle bli det. Saltet frå i dag tidleg har regna vekk, sier Solberg.

Søndag kveld blei det også vurdert å stenga Sotrabrua på grunn av sterk vind, ifølgje Solberg.

— Men vinden gav seg, slik at det ikkje blei nødvendig, seier ho.

Kjedekollisjon laurdag

Trass svært glatte vegar blei det ikkje meldt om alvorlege trafikkulukker i Hordaland eller Sogn og Fjordane natt til søndag. Heller ikkje i løpet av søndagen har det skjedd store ulukker. Men laurdag kveld kjedekolliderte fem bilar i Indre Arna.

— Me har ikkje fått meldingar om personskade, sa operasjonsleier Kjell-Tore Aarnæs i Hordaland politidistrikt laurdag kveld.

Kjedekollisjonen skal ha skjedd ved Hjelles Bakeri i Hardangervegen i Indre Arna.

Sjå oppdaterte trafikkmeldingar her

Aarnæs ba laurdag kveld folk unngå å setja seg i bilen. Situasjonen var då verst i bergensområdet.

— Aller helst bør folk halda seg heime. Viss dei må ut på vegen, er det viktig at dei køyrer forsiktig, sa Aarnæs.

Sjå våre webkamera: Bavallen | Fedje | Finse | Flåm | Fløyen | Helleneset | Eikedalen | Stryn | Voss | Vågen

Vêrmelding der du bur: Åsane | Fyllingsdalen | Fana | Lindås | Voss | Askøy | Øygarden | Fjell | Osterøy | Os | Stord | Odda | Kvamskogen | Førde | Sogndal | Florø

VERST I BERGENSOMRÅDET: Vegtrafikksentralen melder at situasjonen er verst i Bergen og omegn. ARKIVFOTO: ANE BØRHAUG