Etter to vintrar med større nedbørsmengder enn normalt, innser Boliden Odda — tidlegare Norzink - at klimaskiftet er kome for å bli, og investerer ti millionar kroner i eit nytt reinseanlegg.

Statens forureiningstilsyn (SFT) har gitt bedrifta løyve til auka utslepp av zink og kadmium inntil det nye behandlingsanlegget for overflatevatn er ferdig innan utgangen av året.

— Det er beklageleg det som har skjedd. Men no rustar vi oss til å stå imot slike nedbørsmengder som vi har hatt dei siste to åra, seier fungerande dagleg leiar Torgeir Kvingedal ved Boliden Odda AS.

Akutt giftig

Kadmium er akutt og kronisk giftig for menneske og dyr, og kan framkalla kreft. Berre i januar i år lak 70 kilo kadmium ut frå Boliden Odda, eller 88 prosent av årsgrensa.

Då hadde regnet pøst ned over Odda og Eitrheimsneset gjennom november og desember og langt inn på nyåret. Bufferhallane som samla opp regnvatnet blei overfylte, og gjorde at «Zinken» måtte sleppa overflatevatn ureinsa i sjøen.

«Dette innebærer ingen akutt forurensing, da vannet inneholder svært små mengder metaller. Men slike utslipp er likevel ikke ønskelig fra vår side», skriv administrerande direktør Børge Hauge i Boliden Odda sin helse-, miljø- og tryggleiksrapport for 2006. Budd på meir regn

SFT har forståing for at bedrifta ikkje har sjanse til å halda seg innanfor utsleppsgrensene med dei ekstraordinære vêrforholda som har vore, og aukar utsleppsgrensa for sink til sjø med 20 prosent og kadmium til sjø med 50 prosent.

SFT set som vilkår at reinseanlegget blir utvida slik bedrifta har lova, og vil at Boliden bur seg på å installera endå fleire sandfilter i anlegget dersom nedbørsmengdene aukar ytterlegare.

Auka fokus på ekstremvêr

I Nærligslivets Hovedorganisasjon (NHO) er det auka merksemd rundt problema klimaendringar kan skape for næringslivet.

— Så langt har vi vore mest opptekne av korleis vi skal redusera klimautslepp. Men dei siste par åra har vi tenkt meir på konsekvensane av klimaendringane, i form av meir ekstremvêr, seier spesialrådgivar for næringspolitikk Helge Fredriksen i NHO.

Han seier lite har vorte gjort så langt.

— Vi har ikkje kome langt i den strategiske tenkinga. Det har vore mest diskusjon om kva bustadhus og fabrikkar skal tole. No byrjar vi å tenkje på ei mogleg auke av vasstanden. Oljeindustrien er lengst framme, dei vurderer sine tiltak ut frå auka bølgjehøgder og ekstrem vind på oljeinstallasjonar, seier han.

Fredriksen trur det blir auka fokus på ekstremvêr som følgje av klimaendringar.

— Vi har gradvis erkjent at dette er meir alvorleg enn vi tenkte. Ekstremvêr blir no teke med i vurderingar når ein skal byggje, seier han.

ODDLEIV APNESETH