Ann Kristin Lindstad (32) var kvalm og sov dårleg i tre døgn før Ekstremsportveko starta. Likevel stilte ho opp på fallskjermklubben på Bømoen mondag morgon denne veka for å prøve grensene sine.

— Eg valde å bli med på dette fordi eg ville styrke sjølvtilliten min. Eg ville prøve ting eg aldri før har våga, ting eg aldri hadde trudd eg ville våge, sier jenta frå Evanger.

Ho har tenkt litt på at ho ikkje burde begynne med noko ekstremt, ho som har tre små born. Men ei venninne som hoppar fallskjerm overtalte henne til å vere med på opplegget som har fått det unorske namnet «Try it».

Konseptet ligg i namnet. I løpet av fire dagar får deltakarane prøve ut fleire ulike ekstremaktivitetar. Prisen er 4000 kroner, men då er også alle konsertar gratis.

«Verd kvar krone»

No sit Ann Kristin på ei matte under noko som liknar ein gedigen sopp like ved Vangsvatnet. På soppen er det festa klatretak, og det heng folk over alt. I over ein time har Ann Kristin prøvd å ta seg til toppen.

— Eg er så forferdeleg trøytt i armane. Det har vore mykje dei siste dagane, men eg er veldig glad for at eg tok sjansen på dette. Det har vore verd kvar einaste av krone, seier ho.

I løpet av to dagar har dei stått på vasski, hoppa i trampoline med instruktørar, vore på helikoptertur i Gudvangen og prøvd parasegling. Det vil seie at deltakarne vert dregne etter ein båt, flygande under en fallskjerm.

— Eg fekk heilt panikk der oppe. Eg følte at eg skulle svime av, og kunne ikkje gi beskjed om at eg ville ned. Det var ingen som høyrde meg. Dei andre vinka og hylte då dei var oppe. Eg måtte berre halde att augo, eg var så redd. Høgder er ikkje noko for meg. Eg likar betre vatn, slår Ann Kristin fast.

Difor gler ho seg til rafting i morgon, og dagens neste seanse, padling i Strandelva.

Dobbelt vått

Kajakkane er små og fargesprakande. Alle deltakarane sklir lett ut vatnet i eit området der elva er nesten heilt still. Vi landkrabbane hadde håpa på at nokon skulle få seg ein symjetur, men dei ser overraskande stødige ut.

— Berre vent, smiler instruktør Einar Raa Nilsen. Deltakarane øver på å leggje kroppen inn i svingane. Nokre har padla litt før, andre har aldri tidlegare sett ein slik kajakk. Ei av jentene begynner å gråte. Ho er redd for vatn, og taklar ikkje å sitte inneklemd under duken som festar henne til kajakken.

— Dette er ikkje ein aktivitet for dei som ikkje likar vatn. Eg forstår at dette ikkje kjendes godt for henne, seier instruktøren.

Men Ann Kristin ser ut til å klare seg bra. Ho susar av garde nedover elva.

Dårleg vêr

Men akkurat idet eg sjølv står og tenkjer på at eg kanskje burde prøve elvepadling, går det rundt for Ann Kristin. Plopp, og så ligg både kajakken og jenta opp ned i det kalde vatnet.

Ann Kristin kavar febrilsk, prøver å snu båten og komme seg opp. Det går berre nokre sekundar før Einar er på plass for å hjelpe henne. Det verkar likevel lenge for den stakkars jenta.

Han dreg henne ut og ho sym i land for å tømme kajakken. Men Ann Kristin er raskt tilbake på elva. Vi set oss i bilen for å ta deltakarane att lenger nede.

Regnet slår mot ruta. Det har regna veldig mykje på Voss dei to siste dagane, og fleire aktivitetar har blitt avlyste.

— Dei skulle prøve paragliding, man det vart parasegling i staden, og dei skulle sjå BASE-hopparane slengje seg utfor Nebbet over Nærøyfjorden i Gudvangen, men seansen vart avlyst på grunn av veret, forklarar Rune Hope, ansvarleg for dei 16 Try it-deltakarane.

Fallskjermhopparen får ikkje løn for jobben, men han får sjølv vere med å prøve dei ulike aktivitetane

Vanskeleg å tenkje klart

— Vi har alle typar unge folk frå heile landet. Opplegget er meir populært i år enn i fjor, kanskje på grunn av prisen. I fjor kosta det 7000 kroner, men då fekk dei med eit tandemhopp i fallskjerm. No har vi teke det bort fordi det vart så dyrt. Men dei som er med på dette, får redusert pris på fallskjermhopp. Det er nokon som har meldt seg på det allereie, seier Rune.

Ekstremsportveko tek ikkje meir betalt for prøvekaninane enn dei må for å få det til å gå rundt. Målet er å rekruttere nye folk til dei ulike idrettane.

— Nokre har sagt at det er ting dei vil prøve igjen, seier Rune.

Ann Kristin veit ikkje heilt enno. Ho stig opp av vatnet, litt skjelven igjen.

— Eg fekk panikk igjen, tenkte at no druknar eg. Eg følte at eg låg der under vatnet kjempelenge.

— Kvifor sumde du ikkje berre ut av kajakken? Ann Kristin held seg for munnen, litt brydd. ý Veit du, det tenkte eg ikkje på. Det er ikkje så lett å tenkje i slike situasjonar, sier 32-åringen.

Men ingen skal seie at ho ikkje har prøvd.