Prisen på råolje er alfa og omega for kostnaden med legging av fast dekke. Går oljeprisen opp, aukar prisen på asfalt og oljegrus tilsvarande.

Frå dekkeleggingsplanen blei lagt ved årsskiftet og til no, har oljeprisen gått opp med mellom 10 og 15 prosent. Ekstraløyvinga til asfaltlegging som kom i revidert nasjonalbudsjett sist fredag, fører difor ikkje til ein einaste ny kilometer med nytt, fast dekke på riks— og fylkesvegane. Derimot gjer det at vegvesenet truleg kan greie å leggje dei kring 430 kilometer med asfalt og oljegrus dei i utgangspunktet hadde planlagt.

I same neven

Statens vegvesen region vest, som omfattar Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, fekk 19 millionar kroner ekstra til legging av fast dekke på vegnettet sist fredag.

— Vi hadde i utgangspunktet 88 millionar kroner til legging av fast dekke på riksvegane, noko som ville rekke til kring 220 kilometer. Etter ekstraløyvinga på 19 millionar og justeringar for auke i oljepris, reknar vi no med å kunne leggje kring 240 kilometer på riksvegnettet i sommar, opplyser regionvegsjef Ole Chr. Torpp til Bergens Tidende.

På dei vestlandske fylkesvegane blir det derimot tilsvarande mindre fast dekke. Der blei løyvingane lagt då budsjetta blei vedtekne i dei tre fylkestinga før jul. I alt var det då pengar til å leggje ny asfalt på kring 210 kilometer av fylkesvegnettet på Vestlandet. Etter auken i oljeprisen er det redusert til i underkant av 190 kilometer. I sum er vegvesenet på Vestlandet med andre ord tilbake i same neven som dei var ved nyttår, ein total på kring 430 kilometer.

Mest på E39

E39 er enkeltsambandet som er tilgodesett med mest dekkeleggingsmidlar i år. Frå Bergen og nordover mot Åsane skal det i alt leggjast kring ni kilometer ny asfalt. Vidare nordover skal det leggjast nytt dekke mellom Eikefet og Vikesundtunnelen og frå Litle Urdalstunnelen til Romarheim bru, til saman kring fem kilometer. I Sogn og Fjordane skal ei mil av europavegstrekninga mellom Sande og Førde få nytt toppdekke. Strekninga frå Reed til Kleivadammen i Gloppen (11 kilometer) står også for tur.

Utanom hovudsambandet nord-sør på Vestlandet er kring fem kilometer på riksveg 7 ved Haugastøl, seks kilometer av E16 Bolstadøyri-Dalseid, seks kilometer mellom Stryn og Loen på riksveg 60 og fem kilometer på riksveg 55 frå Nordeide til Frivik i Høyanger kommune dei største enkeltprosjekta på vestlandske riksvegar i år.

På fylkesvegnettet er det to samband som om Sognefjorden som stikk av med største asfaltmengdene. Mellom Bjordal og Mjølsvik på Høyanger sørside skal det leggjast knapt ni kilometer. I tillegg kjem 6,3 kilometer på vegen Bergens Tidende omtalte i går, Takle-Leversund i Gulen.