• Det er ei ekstra belastning å vere fattig i verdas rikaste land, seier Kjell Underlid. I haust kjem førsteamanuensen med bok basert på djupneintervju av 25 sosialklientar i Bergen.

JØRN-ARNE TOMASGARD

— Dei fattige i Noreg er omgitt av eit hav av rikdom. Det er ei heilt anna oppleving enn å vere fattig i eit samfunn der alle er fattige, seier Underlid. Han er tilsett ved avdeling for helse og sosialfag ved Høgskolen i Bergen.

— Vi lever i eit samfunn der alt er kolossalt pengefokusert. Det gjeld å ha fin bil, fint hus og fin båt. Det er eit «vellukka»-tyranni. Folk blir målte ut frå kor fin Mercedes dei har, ikkje etter kor gode menneske dei er, seier Underlid.

Han har intervjua langtidsmottakarane av sosialstønad gjennom eit halvt år, og funne to komponentar som går igjen.

— Fotfestet sviktar på to plan: Arbeidsmarknaden og bustadmarknaden.

- Alminnelege folk

Dei som er med i undersøkinga til Underlid er mellom 20 og 66 år, det er jamn fordeling mellom menn og kvinner, og alle er norske statsborgarar.

— Vegane inn i fattigdomen er mange og varierte, seier Underlid, og karakteriserer sosialklientane han har snakka med som alminnelege folk.

Det er mange kategoriar. Folk som er utestengt frå arbeidslivet fordi dei har vore arbeidslause over lang tid og mist retten til dagpengar, er ei stor gruppe. Ei anna gruppe er folk frå næringslivet som det har gått utforbakke med. Eller det er kvinner som har gått heime og ikkje fått fotfeste på arbeidsmarknaden. Folk som er for sjuke til å vere i arbeid, men for friske til å få uføretrygd, er ei gruppe. Underlid har også møtt sosialklientar som har vore utsett for traumatiske hendingar som til dømes mishandling.

Usynlege krykkjer

I studien sin meiner Underlid å ha funne ei årsak til at folk blir langtidsmottakarar av sosialstønad.

— Dei har usynlege krykkjer, seier han, og delar inn i fire kategoriar for å vise korleis det å vere sosialklient blir ein sjølvforsterkande negativ runddans.

  • Ein vert uttrygg. Spørsmål som «Korleis skal eg få betalt husleiga?» og «Korleis skal det gå med livet mitt no?», dukkar opp.
  • Ein misser råderetten over eige liv, såkalla autonomi-svekking. Noreg er eit pengesamfunn, det er ein prislapp på nesten alt. Sosialklientar har liten aksjonsradius.
  • Sosialklientar opplever sosial devaluering. Dei har ei oppleving av å bli sett ned på, av å bli diskriminerte.
  • Mykje av sjølvbiletet vårt er knytt til pengar og sosial status. Det trugar sjølvbiletet og sjølvvørdnaden til dei fattige.

Fører til negative kjensler

— Denne livssituasjonen fører for det første til kjensler som aggressivitet, sinne, frustrasjon, bitterheit og hat. For det andre kan det føre til otte, uro, angst og redsle. For det tredje kan det gje depressive kjensler og sorg. Sist gjev det skamkjensle, skuldkjensle og dårleg samvit. Livet vart ikkje slik ungdomsdraumen tilsa, forklarar Underlid.

Han har også forslag til korleis det offentlege Noreg kan gjere livet lettare for fattige.

— Inkluderande arbeidsliv må bli meir enn festtalar. Vi treng ein bustadpolitikk som ivaretek dei som har minst, og vi må heve sosialhjelpssatsane, eventuelt garantere dei ei minsteløn eller borgarløn, seier han.

Over 100.000 nordmenn er mottakarar av økonomisk sosialhjelp i dag.

FATTIGDOMSTILTAK: - Vi treng ein bustadpolitikk som ivaretek dei som har minst, og vi må heve sosialhjelpssatsane, eventuelt garantere dei ei minsteløn eller borgarløn. Det meiner førsteamanuensis Kjell Underlid etter å ha intervjua med sosialklientar i Bergen. <br/>ARKIVFOTO: FRED IVAR KLEMETSEN