— Så vidt vi kjenner til er det ingen andre i heile landet som vurderer skulane på same måten, seier Gudny Fykse og Rannveig L. Alvsåker i vurderingsgruppa.

— Rapporten til Kvalitetsutvalet som er til vurdering no, legg opp til nettopp slik skulevurdering. Vi tenkte å vere litt i forkant av utviklinga, seier Fykse. Ho er til dagleg inspektør ved Øystese barneskule. Alvsåker er rektor ved Ullensvang barne- og ungdomsskule.

Bergens Tidende var med då dei to vurderte Evanger barne- og ungdomsskule i Voss kommune denne veka.

Intervjuar og observerer

Opplegget går ut på følgjande:

  • Skulen som skal vurderast, vel sjølv ut eit område der ein ønskjer betring. Dette vert tema for vurderinga.
  • Eit spørjeskjema vert på førehand sendt ut til foreldre, lærarar og alle elevane på ungdomsskulen.
  • Det vert gjennomført samtalar med foreldre, lærarar og elevar.
  • To frå vurderingsgruppa observerer ved skulen i inntil fire dagar.
  • Ein offentleg rapport med sterke og svake sider, og forslag til tiltak, vert utarbeidd.

Taklar kritikk frå naboen

Spørsmålet er korleis dei som blir vurdert, taklar kritikk frå kollegaer frå nabokommunen.

— Det var høge skuldrer på den første skulen vi var på. Men i løpet av dei to åra vi har halde på, verkar det som om dei har funne ut at det ikkje er farleg, seier Fykse og Alvsåker.

— Ingen utviklar seg ved å bli slått i hovudet. Alle er flinke til noko. Men det er eit utviklingspotensial alle plassar, seier Fykse.

— Kva om problemet er ein lærer som er dårleg til å undervise?

— Vedkomande får vite det. Så kjem vi med tips for tiltak som kan gjere undervisninga betre, forklarer Fykse.

Dei har heller ikkje opplevd at rektorane ved skulane har sett piggane ut.

— Nei, vi ønskjer å vere støttespelarar for rektorane, seier Alvsåker.

Bonusskule

— Skaper ikkje dette lett kompetansestrid?

— Vi har ein del kriterium som ligg i botnen. Ei liste med ideal blir sett opp, og denne godkjenner skulane, seier Fykse.

Lærar Audhild Kolle Mestad ved Evanger barne- og ungdomsskule har ingen ting imot at folk utanfrå kjem og vurderer jobben ho gjer.

— Eg synest det er veldig greitt. Vi prøver å bli ein betre skule, og håpar å få råd for korleis vi kan utvikle oss, seier ho.

Lite tyder på at lærarane på Evanger har mykje å frykte. Utdanningsminister Kristin Clemet har utpeika skulen til såkalla bonusskule, på grunn av at han er langt framme når det gjeld bruk av ny teknologi.

<b>ELEVANE RÅDSPURT:</b> Maria Torkilsen Horvei (10. klasse, f.v.), Asle Øvstedal (10. klasse), Arve Brekkhus (8. klasse) og Tine Marie Tollefsen Grønholt (9. klasse) ved Evanger barne- og ungdomsskule vert intervjua av Gudny Fykse og Rannveig L. Alvsåker i vurderingsgruppa. FOTO: JAN M. LILLEBØ