• Me kunne ønskt oss litt betre ruter. Normalt går det greitt, men me har ikkje mykje slingringsmonn, seier Jan Ove Grude, sjåfør på Kystbussen.

Ein gravemaskin sperrer vegbana og lastebilen framfor oss lirkar seg forbi. Kystbussen skal også gjennom nålauget. Høgre sidespegel streifar eit 50-sone skilt i forsøket. Sjåfør Jan Ove Grude sveittar.

— Det er ikkje mykje som minner om ekspressbuss, kommenterer han tørt.

Presis 13.55 køyrde han frå Sandvikvåg. Ferja var i rute i dag. Grude har annonsert ankomst Leirvik cirka klokka 14.25. Han held kring 70 kilometer i timen og er langt frå 100 kilometer i timen, slik ein busspassasjer fortalde til BT i helga. I dag er det bilane og trailerane framfor som bestemmer farta. Men så er det brått slutt.

Svære steinhaugar på kvar side av vegen reduserer vegbana til eitt felt. Anleggsmaskinar køyrer att og fram. Bussen humpar vidare på dårleg veg nesten heilt til Jektevik.

Verre før

— Det blir til tider frykteleg mykje vegarbeid. Det foregår over ei lang strekkje. Me føler dei held på overalt, sukkar Grude over vegutbetringa på E39.

— Ei lita forseinking på ferja eller med vegarbeid går i vår disfavør.

— Kva gjer de då?

— Det hender me får problem med å nå ferja ved Boknafjorden, men me har avtale om at ferjene skal venta nokre minuttar, seier Grude.

— Hender det at de køyrer for fort?

— Alt er blitt mykje betre etter at Trekantsambandet kom. Før i tida gjekk det ofte for fort, seier sjåføren med åtte års fartstid bak rattet på Kystbussen. Han strekar under at dei gjerne vil ha tilbakemelding dersom passasjerar opplever at bussane køyrer for fort.

Redd etter Kystbussen-tur

Rett bak sjåføren sit Asta Byrknes på veg frå Bergen til dottera som bur i Haugesund. Ho likar betre å ta bussen enn å køyra åleine.

— Eg synest det er fantastisk fint å ta bussen og føler meg trygg, seier ho.

Frå nabosetet kjem Kristi Aasheim med ei litt anna erfaring.

— Det var ein gong eg tok Kystbussen. Det var ein ungdom som køyrde. Då gjekk det ei stund før eg vågde ta bussen att, seier stordabuen som vanlegvis køyrer eigen bil.

Men eitt er dei samde om. Alle gler seg til å få betre veg på austsida av Stord. Det blir alltid verre før det blir betre.

Sinke på traktor

Ein eldre blå traktor med ein minst like gammal sjåfør bak rattet sniglar seg av garde i 25 kilometer i timen. Bonden ser i spegelen, men ikkje tale om han vil sleppa Kystbussen forbi.

Jan Ove Grude mumlar noko som han ikkje vil gjenta høgt. Ein bussjåfør skal jo trass alt vera ein mann med godt humør.

— Eg sa noko om at han var ikkje mykje hyggeleg ...

14.27 triller Kystbussen inn på Leirvik. To minuttar etter ruta.