1.statsadvokat Petter Nordeng i Økokrim brukte første dag i retten til å gjennomgå metodane Jarle Kvalheim har brukt i gigantsvindelen.

Ifølgje rekneskapsmaterialet skal OK Fish ha eksportert og kjøpt torsk av ein spesiell kvalitet — ein salta og kvitvaska type.

I sitt svar til Økokrim angåande dette kommenterer tollvesenet lakonisk"...for øvrig en vare vi aldri tidligere har hørt om".

Det er snakk om "salta, kvitvaska torsk", ifølgje papira frå eksportøren OK Fish.

Det har tydelegvis vore plass til ein viss porsjon humor midt oppe i dei omfattande bedrageria som skal ha skjedd i selskapet.

Tre metodar

Aktor Petter Nordeng starta rettssaka mandag med å presentere dei tre metodane Økokrim meiner OK Fish og tiltalte Jarle Kvalheim har brukt i dei enorme bedrageria.

Det er snakk om for det første det Økokrim kallar doble avrekningar, for det andre fiktive kjøp frå ikkje-eksisterande leverandørar og for det tredje fiktive kjøp frå eksisterande leverandørar.

Bedrageria skal ha starta i det små, og auka gradvis til enorme beløp utbetalt som momsrefusjon frå det offentlege. I 1993 fekk OK Fish Kvalheim eksempelvis utbetalt fem millionar, og i 1999 - det siste hele rekneskapsåret for selskapet - var summen oppe i over 100 millionar kroner i urettmessig momsrefusjon.

— Metode nr. ein er det vi kallar doble avrekningar, og omfattar størstedelen av beløpet på rundt 275 millionar kroner i tiltalens post I, sa Nordeng.

Momssvindelen i tiltalens post i er på totalt 293.355.180 kroner.

Forsøk på bedrageri

— Da selgaren i Nord-Norge solgte fisken til OK Fish, skjedde det utan moms. Selgaren kunne gjere det slik på grunn av at fisken allereie var seld vidare til utlandet av mottakaren OK Fish AS. Dette er ein regel som var meint å vere ein praktisk måte å gjennomføre slike fiskehandlar på. Ved dei fleste kjøpa var det ikkje selger som presenterte faktura, men det var ein avrekning frå kjøparen OK Fish, eg har forstått at dette er ein vanleg metode i bransjen.

Men ifølgje Økokrim kravde OK Fish refusjon for den momsen dei ikkje hadde innbetalt.

Fylkesskattekontoret i Sogn og Fjordane har innhenta dokumentasjonen frå kvar einaste leverandør - meir enn 3000 tilfelle - og kontrollert dette mot rekneskapen i Ok Fish Kvalheim AS, og på den måten dokumentert omfanget av svindelen.

Mot slutten i 2000 hadde skattefuten mistanke, og Ok Fish Kvalheim leverte stadig momsoppgåver men fekk denne gongen ikkje refundert summane.

— Det dreier seg om rundt ni millionar kroner som vi vil endre til forsøk på bedrageri, og ikkje gjennomført bedrageri, sa Nordeng.

Fiktive kjøp fra fiktiv selgar

— Dette er fiktive kjøp frå ikkje-eksisterande levrandørar, sa Nordeng.

— Økokrim fatta etterkvart mistanke om at det eksisterte fiktive kjøp frå fiktive leverandørar i rekneskapane til OK Fish. Vi konkluderer i etterforskinga med at finst fleire slike tilfelle. Kvalheim har bokført kjøp frå fiskelevrandørar som ikkje eksisterer, og fått refundert moms for kjøp som ikkje har skjedd i det heile.

Som eksempel drog statsadvokaten fram tilfelle då OK Fish i fleire år tidleg på 1990-talet bokførte fiske kjøp for 16 millionar frå selskapet Nortrade AS.

— Vi ser at leverandøren Nortrade AS er oppgitt med kontonummer, tidspunkt for kjøp og kva det fiktive Nortrade AS har uteståande hjå OK Fish. Revisor har reagert, bede om ei forklaring i 1993. I revisjonsrapporten blir det gjort ein gjennomgang av fleire leverandørar som revisor stiller spørjeteikn ved, blant andre Nortrade AS. I handskrivne påteikningar frå rekneskapsansvarleg i OK Fish prøver dei å forklare dette med at summen er direkte oppgjort mellom selgar Nortrade AS og kjøparen i EU. Dette ser vi også fleire andre stader.

Nordeng vist vidare til ein påstått falsk faktura frå selskapet i Tromsø, der ei c/o-adresse til eit reelt selskap nytta. Også organisasjonsnummeret på Nortrade-fakturaen var likt det reelle selskapets nummer, bortsett frå at det var lagt til ein null på slutten.

— Organisasjonsnummeret får dermed ti siffer, og er ikkje reelt. Og ikkje minst, Nortrades konto var disponert av Jarle Kvalheim sjølv.

Kvitvaska torsk

Nordeng drog fram andre døme frå mappene sine på at OK Fish skal ha operert med fiktive firma, personar og selskap i Nord-Norge som handelspartnarar.

Da Nordeng kom med døme på falske tollstempel i papira hjå OK Fish, var det snakk om eit vareslag som tollvesenet ikkje hadde høyrt om før: "Salta, kvitvaska torsk".

Nordeng påviste i retten at den "kvitvaska" torsken også verserer i andre påståtte fiskehandlar mellom OK Fisk og leverandørar i Nord-Norge.

Den tredje metode er ifølgje aktor fiktive kjøp frå reelle leverandørar til OK Fish. - Vi meiner at ei rekke av dei bokførte kjøpa frå dei reelle leverandørane til OK Fish ikkje har skjedd, altså at dei har bokført fleire kjøp enn det som faktisk har skjedd, sa Nordeng.

Fylkesskattekontoret har granska rekneskapane hjå desse leverandørane for å fastslå og dokumentere omfanget.