54-åringen er til behandling ved brannskadeavdelinga på Haukeland sjukehus etter at ei glo frå skjerebrenningsoperasjonen sannsynlegvis sette fyr i ein overkonsentrasjon av oksygen inni den såkalla friskluftsmaska.

— Ulukka er ei påminning om at overskot av oksygen kan få alvorlege følgjer, seier inspektør Oddbjørn Kvålsvold ved Arbeidstilsynet på Stord til Bergens Tidende.

Arbeidstilsynet har lagt ned forbod mot bruk av det involverte pusteluftsutstyret inntil det er avdekt kva feil som har oppstått. Den finske gjestearbeidaren var i arbeid med oppskjering av Maureen Alpha-plattforma sitt understell då ulukka skjedde. Dette er den femte alvorlege ulukka på opphoggingsprosjektet sidan Maureen kom til Stord sommaren 2001, to av dei var dødsulukker.

Inspektør Kvålsvold trur pressluftutstyret har sendt for mykje oksygen inn i friskluftsmaska til 54-åringen. Dersom det kjem meir enn normalinnhaldet på 21 prosent oksygen inn i tronge rom, aukar eksplosjonsfåren dramatisk. Berre ei lita glo skal til for å setja fyr på ei blanding der det til dømes er 24 prosent oksygen.

Det har før skjedd dødsulukker i norsk arbeidsliv der oksygen- og acetylenblandinga i tankar og tronge rom har vore feil under skjerebrenning, også på Aker Stord i skipsbyggingsperioden.