Vi er i Haugsværdalen og trør gjennom doggvått gras i fram til vasskanten. Sola bryt tretoppane der fuglar held morgonstund med gull i munn.

Solveig Renslo, prosjektleiar for linja frå Modalen til Mongstad, peikar over vatnet der høgspenten kryssar dalen:

— Området der borte er aktuelt for ny transformatorstasjon.

Ein industridesignar skisserer landskapet. Geografen diskuterer med landskapsarkitekten og ein dr. philos i zoologisk økologi. Ornitologen låner øyre til fuglesongen. Sivilagronomen konstaterer at dette er beiteland. Arkeologen sveipar landskapet etter spor frå faren tid.

Inga ørn i Matre

For første gong er ekspertar på ulike fagmiljø kopla på frå første fase i planlegginga av ein ny kraftleidning.

— Dette er nybrotsarbeid saman med nokre av dei fremste ekspertane i landet, seier Renslo.

I Matredalen tronar master på same linja dei såg krysse Haugsværdalen.

Ornitolog Kjetil Mork studerer fjellsida i kikkert. Dette er ein kjend lokalitet for kongeørn. Men Mork kan ikkje sjå reir.

— Kongeørna har hekkeplassar dei byter på. Eg er ganske trygg på at her er hekkande par, bestanden har teke seg opp.

For store fuglar er linjene fiendar. Dei flyg i dei og får straum gjennom seg. For den utryddingstruga hubroen er kraftlinjer nesten vanlegaste dødsårsaka.

Inngangen til Stølsheimen

Plasseringa av ein transformatorstasjon i Matredalen er omstridd. Dette er inngangsporten til Stordalen og Stølsheimen. Prosjektleiaren samlar troppane:

— Her er stort nok om vi plasserer mastene på ei side og let leidningane gå over vegen til stasjonen på andre sida. Vi må ha ein stasjon i området, men er opne for andre alternativ enn her og Haugsværdalen.

- Lite konfliktfylt

Modalen er siste stopp. Mellom bustadhusa på Øvre Helland forklarar Renslo korleis det er å krysse dalen med eit stort spenn.

— Dei toppane meiner vi er mest aktuelle for å plassere mastene, seier ho og viser mot fjella lenger inne i dalen.

Eva Widenoja finn fram blokk og blyant. Industridesignaren er fremste eksperten i landet på masteutforming.

— Poenget er i mest mogleg grad å avgrense negativ visuell påverknad frå mastene. Det finst ingen enkle grep. Landskapet må vere utgangspunktet.

— Så langt verkar dette prosjektet lite konfliktfylt, i alle fall samanlikna med Sima-Samnanger og Fardal-Ørskog. Ein grunn er at vi slepp gå gjennom verna område. Det er eg veldig glad for, seier prosjektleiar Solveig Renslo.

Kva synest du om kraftplanane? Bruk kommentarfeltet.