Terje Andersen og Jan Ø. Berle meiner at den no 50 år gamle drosjesjåføren som 4. oktober 1999 tok livet av sin kollega og svigerinne Kari Aalvik, var medvitslaus under drapet.

Med eller utan medvit

Hans Jakob Stang og Berthold Grünfeld har kome til at han hadde forbigåande sterkt nedsett medvit, men var ikkje medvitslaus. Til det hugsar han for mykje som ikkje er kompromitterande.

Voss heradsrett let ekspertane sin tvil koma tiltalte til gode, og la til grunn at han var medvitslaus. Men han vart likevel dømt til ni års fengsel fordi retten han hadde sett seg i denne tilstanden med sjølvskulda rus. Forsvararen kravde frifinning grunna søvnløyse.

No skal juryen i Gulating lagmannsrett vurdera spørsmåla.

Dei to ekspertgruppene har nærma seg ein del sidan dei første fråsegnene. Andersen og Berle gjorde endringar i heradsretten, medan Stang og Grünfeld har levert nye konklusjonar tilpassa ei lovendring frå 1.januar 1999.

Kritikk

Dei to sistnemnde vart oppnemnde fordi Rettsmedisinsk kommisjon ikkje ville godkjenna fråsegna frå Andersen og Berle. Formannen i kommisjonen, Randi Rosenquist uttalte seg i går kritisk til eit punkt i Stang og Grünfeld si omarbeidde fråsegn. Der seier dei at titalte på gjerningstidspunktet truleg hadde ei psykisk liding med sterkt svekka evne til realistisk vurdering av tilhøvet sitt til omverda, men han var ikkje psykotisk.

Ordet psykotisk har etter lovendringa overteke for sinnsjuk i rettsmedisinen.

Rosenqvist seier til Bergens Tidende at den nye fråsegna ikkje får innverknad på skuldspørsmålet, men kan verka formildande ved straffeutmålinga.

Dei sakkunnige meiner at tiltalte sitt medvit var sterkt forstyrra av ein kombinasjonseffekt av ruspåverknad med alkohol, Valium, søvnløyse og sterk affekt. Dei understrekar at det ikkje er sakkunnige si oppgåve å vurdera om rusen var sjølvskulda.

Tiltalte sitt kolosale Valiumforbruk vart også i går omtala med vantru. Grünfeld innførte nyordet valiumnarkoman.