ARNE HOFSETH RUNE SÆVIG (foto)

arne.hofseth@bt.no

Ulla skal ikkje klippast med saks, som med sauen. Du plukkar ulla med nevane, nærmast kjemmer pelsen med fingrane, forklarer Byrkje.

Annleis

Tradisjonelt jordbruk er på veg ut på vestlandsgardar med den storleiken han disponerer på nordsida av Vangsvatnet. I jakta på alternative bruksformer ville Knut Helge helst ta fatt på nok anna enn dei fleste andre. Og dei måtte vera noko som kan kombinerast med jobb i Jernbaneverket.

Geitene frå fjerne himmelstrøk vil også sysselsetta kona Grethe Elin, som har interesse for karding, spinning og å skapa plagg av den fine ulla. Men først gjer ho unna forsømt utdanning.

— Dyra får ikkje det minste vondt når ulla blir plukka av når geita røyter, forsikrar Byrkje.

Ulla losnar to gonger i året, i januar og rundt månadsskiftet mars/april. Ulla blir best når geitene går ute. Inneliv gir sveitte, og litt feitt i ulla. Merkeleg nok har ikkje naturen tilpassa seg vinterkulden i januar, som kan vera streng også i Kashmir-fjella. Difor let ein litt kvit ull vera att for å verna det lysebrune skinnet mot kulden. Ingen andre dyr i verda har tynnare underhud, vert det hevda.

Ikkje geitost

Berre ulla er økonomisk interessant. Kjøt og mjølk blir det ikkje pengar av. Kashmir-geitene aktualiserer ikkje eit geitost-ysteri i Bulken-taktene. Derimot kan det vera aktuelt å selja livdyr til andre bønder som vil prøva seg.

Gunnar Nagel Dahl hjå fylkesmannen i Hordaland fortel til Bergens Tidende at eit lokalt nettverk er på trappene. Posjektleiar Aslaug Aalen heldt nyleg ein stor konferanse i Rosendal. Tekstilverksemda Oleanna i Arna har planar om å laga nummererte skjerf av Kashmirull, og vil kunne ta unna råstoff frå geitehaldarane. Oleanna har spesialisert seg på klede med eksklusivt preg.

For Byrkje sin del, er foredling på heimebane minst like aktuelt.

Mateksperten Nagel Dahl synest det er leitt at geitekjøtet er lite påakta. Det set ekstra god smak på pølser og spekemat. Kjekjøt er framifrå og kjelever minst like godt som gåselever, har han røynsle for.

Bukkefritt

På Byrkje er det no 29 individ av denne geiterasen, 23 vaksne og seks kje. Eit par av kjea er hanndyr. Elles er heile flokken hodyr. Det som elles skal til for å føra sleikta vidare, kjem i hendige pakningar frå småfeavdelinga ved Landbrukshøgskulen på Ås.

Dei seks eldste dyra skal vera fødde i Kashmir, dei andre i Tønsberg eller på Voss, med aner frå Kashmir.

For å sikra seg best mogeleg mot innavl, er det no på tale å innføra Kashmirgeiter frå New Zealand. Dit kom det ein båtlast i 1864. Landsforviste fekk lov å ha med seg ein geiteflokk.

Rangorden

I geitefjøset gjeld lova om den sterkaste sin rett. Sjølv om det ikkje finst vaksne bukkar i bingane, blir det stanga og slåst så ulldottane fyk. Men dei skadar seg ikkje, forsikrar Byrkje.

Når rangordenen er klarlagt, roar det seg ned. Livet i bingen og ute på beitet kan gå sin gang. Når framandfolk kjem inn, stiller sjefsgeita seg inst i kroken, med undersåttane vernande framfor seg.

— Det blir nytt spetakkel når dei snart skal ut på beite, spår Byrkje.

Han har halde ei nyinnkjøpt fem år gamal geit unna dei andre i vinter, medan ho kjea for tredje gong. Denne geita var sjef i den flokken ho høyrde til før, og det må ventast kamp mellom henne og noverande sjef i Byrkje sin flokk når alle skal ut på same beitet.

Reinskar vegetasjon

— Så snart dei har funne ut kven som er sjefen, blir samarbeidet i flokken makelaust, fortel Byrkje av røynsle.

Geitene et alt dei kjem over av vegetasjon. Det saftige graset går unna først. Så går lauv og barnåler på trea, så høgt opp som dei rekk. Deretter hoppar ei geit opp og bit seg fast i ei grein. Ho held greina nede til dei andre har reinska greina for lauv. Deretter står borken på trea for tur.

Einerbuskar og tistel let seg også eta. Og nyperoser. Geitene har ein eigen teknikk med å skrelle bort tornene før dei gnafsar i seg resten.

Må bøndene melda pass, så finst det spesialgeiter til å halda kulturlandskapet i hevd.

RØYTER PENGAR: Knut Helge Byrkje får neven full av prima kashmirull ved å stryka hendene gjennom pelsen på geitene sine to gonger i året.

STASELEGE TILREISANDE: Nokre av dei eldste i geiteflokken til Knut Helge Byrkje skal vere fødd i Kashmir, andre er frå Tønsberg...

EKSOTISK I FJØSET: Geiter frå fjerne himmelstrøk, vaksne som kje, trivst i fjøsen på Byrkje.