Jan Balstad var statsråd på slutten av 80-talet. Han var også i mange år nestleiar i LO. Dei siste åra har han vore tilsett i forskingsstiftinga FAFO. Men han har også engasjert seg i forretningsverksemd, mellom anna eit sterkt omstridd prosjekt saman med Arne Treholt i Russland.

Lutelandet ligg yttarst i Dalsfjorden, og er peika ut som ein av dei mest aktuelle nye stadene å føre i land gass. Utviklingsselskapet jobbar med planar som kan gjer hundrevis av arbeidsplassar, i fall dei får gjennomslag. Sentralt står eit gasskraftverk der mineralet anortositt skal brukast til å binde CO2. Balstad tek over som styreleiar etter Fjaler-ordførar Arve Helle.