Det er psykiatrane Siri Nome og Jon Geir Høyersten som har vurdert den mentale helsa til den 39 år gamle marineoffiseren.

Konklusjonen etter den judisielle observasjonen er at 39-åringen var fullt ut strafferettsleg tilrekneleg på morgonen 4. mars i år, den dagen ekskona Ingse Merete Rønnestad (36) vart avretta med fleire skot i parkeringshuset Citypark i Bergen sentrum. Nome og Høyersten meiner 39-åringen ikkje var i psykose, bevisstlaus eller hadde nedsett medvit på drapstidspunktet. Dei meiner han heller ikkje i dag er sinnssjuk.

Rapport på 30 sider

Dette betyr at psykiatrane meiner marineoffiseren både kan stillast for retten og dømmast til fengselsstraff, dersom dommarane kjem fram til at det var han som skaut.

Psykiatrane har både hatt samtalar med offiseren personleg i fengselet og gått igjennom alle avhøyra av vitne og andre etterforskingsdokument som ligg i saka. Resultatet vart ein rapport på vel 30 sider.

Dersom 39-åringen ikkje hadde vorte funnen strafferettsleg tilrekneleg, kunne han heller ikkje vorte idømt straff. Alternativet ville då vore å dømme han til forvaring i ein psykiatrisk institusjon, dersom han skulle bli funnen skuldig i å ha stått bak drapet.

— Å vere strafferettsleg tilrekneleg betyr på godt norsk å vite kva du gjer, seier rettspsykiater Michael Setsaas.

Har ikkje sagt stort

Den drapssikta 39-åringen hevdar at han ikkje hugsar noko som helst frå drapsdagen eller dagane før, og nektar all skuld.

Den permitterte marineoffiseren skal ikkje ha vore spesielt interessert i å snakke med psykiatrane, og store delar av rapporten skal difor vere bygd på dei andre kjeldene Høyersten og Nome har hatt tilgang til.

Psykiatrane har også vurdert om den mentale helsa til 39-åringen er slik at det kan føre til nedsett straff, for eksempel ved at han har nedsett evne til å oppfatte forholdet sitt til omverda på ein realistisk måte, eller ved at han har ei sterk medvitsforstyrring.

Heller ikkje dette skal psykiatrane ha funne klare indikasjonar på.

Overtydde om skuld

Politiet er overtydde om at det var eksmannen som skaut, og byggjer mellom anna på at det vart funne blod frå ekskona på bilen hans då han vart arrestert i Aurland få timar etter drapet. Ein lik bil vart også sett kome i høg fart ut av parkeringshuset rett etter at det small, og eksmannen hadde ein parkeringsbillett frå drapsstaden i lomma då han vart tatt.

Politiet reknar med å setje punktum for etterforskinga med det aller første, for å sende innstillinga si til statsadvokaten. Deretter går saka vidare til riksadvokaten, som skal ta stilling til tiltale-spørsmålet.

— Det står berre att ein del mindre oppfølgjande etterforsking, seier politiinspektør Svein Erik Krogvold.

Førstkommande fredag vil marineoffiseren bli framstilt for forlenga varetektsfengsling i Bergen tingrett.