Det er konklusjonen i den rettspsykiatriske rapporten utarbeidd av psykiatrane Siri Nome og Jon Geir Høyersten.

Dei vart oppnemnde av Bergen tingrett for å vurdere den mentale helsa til den 39 år gamle eksmannen som er sikta for drapet. Dei leverte sine konklusjonar sist laurdag til Bergen tingrett.

— Eg har fått rapporten i dag. Konklusjonen til dei sakkunnige er at mannen er fullt ut strafferettsleg tilrekneleg, seier Helge Hansen, bistandsadvokat for dei to sønene til Ingse Merete Rønnestad og for foreldra hennar.

Ingse Merete Rønnestad vart skoten på kloss hald i P-huset City Park 4. mars i år. Eksmannen vart pågripen og sikta for overlagt drap same dag. Han nektar straffeskuld.