Sentralstyret i Arbeidarpartiet har igjen utsett eksklusjonssaka i Kvam Ap. Årsaka er at halvparten av dei tjue medlemmane ikkje kunne møte måndag ettermiddag, og styret var derfor ikkje vedtaksdyktig.

Årsakene til fråveret var mellom anna sjukdom og reise til klimatoppmøte i København.

Også 30. november blei saka utsett av Arbeiderpartiet. BT får opplyst at sentralstyret etter planen skal prøve å få i stand nytt møte før jul. Då skal styret med Jens Stoltenberg i spissen ta stilling til kravet frå Kvam Ap om å ekskludere ordførar Astrid Farestveit Selsvold og heradstyremedlem Even Øyri etter at dei røysta mot eige partiprogram i ein opprivande skulestrid.

Sei di mening om eksklusjonssaka her.

– Skulesaka skapar ei usunn kløyving i politikken, har ordførar i Kvam, Astrid Farestveit Selsvold, uttalt til BT. No risikerer ho eksklusjon.