TERJE ULVEDAL

Som Senterparti-politikar har Felde ei fortid som ordførar og sentral fylkestingsmedlem i Sogn og Fjordane. Men i det sivile er han veterinær, og har hatt kring ein-fjerdedel av stillinga som tilsett i kommunen. Same gjeld hans kollega i Fjaler, Gabriel Hovland.

I fjor sommar blei begge sagt opp av kommunen. Som kommuneveterinærar hadde dei til då begge fått utbetalt årlege tilskot. For 2003 var det budsjettert med ei utbetaling på litt over 100.000 kroner til kvar. Dette avgjorde kommunen å kutte for å spare pengar. Og Felde og Hovland blei sagt opp.

Fjaler-dyrlegane protesterte og gjekk til arbeidsrettssak mot kommunen. Dei hevda dei var tilsette på lik linje med andre i kommunen, og viste til at kommunen også etter å ha avslutta arbeidsforholda reknar med å oppretthalde veterinærtenesta. Dette gjer oppseiingane spesielt urimelege.

Ytre Sogn tingrett har gitt Sunnfjord-kommunen fullt medhald. Retten legg vekt på at stillingane som kommuneveterinær i praksis har vore ei subsidieordning for privatpraktiserande dyrlegar, for å gje betre grunnlag for deira eiga drift. Løna dei har fått frå kommunen, utgjer berre ein mindre del av veterinæranes samla omsetnad.

Retten legg også vekt på at kommunen kunne valt ei rein tilskotsordning. Sjølv om kommunen valde ei tilsetjingsordning, og dermed fekk arbeidsgjevaransvar, meiner retten dei reelle forholda må vektleggast. Ytre Sogn tingrett peikar dessutan på at det frå 1. april i fjor blei etablert ei vaktordning for Fjaler og nabokommunane Hyllestad og Solund. Begge dei to Fjaler-veterinærane er med i denne, og får meir utbetalt gjennom vaktordninga enn dei før fekk i tilskot frå kommunen. Retten meiner også kommunen har gått korrekt fram i oppseiingssaka.

Dei to saksøkjarane har tapt saka fullstendig. Felde og Hovland må dessutan betale kommunens sakskostnader på 82.808 kroner.