27-åringen blei kraftig provosert av ein full mann som slo eksboksaren overende. Då eksploderte 27-åringen og slo fleire knyttneveslag mot andletet til den andre mannen.

Han fekk hjerneristing og langvarig sjukemelding.

Ein augeskade er såpass alvorleg at han truleg må skrinleggja planane om å bli yrkessjåfør.

Retten legg vekt på at den dømde som tidlegare aktiv boksar burde ha visst kva skadepotensiale det var i slaga hans.