Mannen, som har diabetes, hevda i retten at han var medvitslaus på grunn av føling. Han hadde ei promille på godt over to da ulukka skjedde, og retten meiner at han drakk med vitande og vilje og at han ikkje var medvitslaus i straffelova sin forstand.

To eldre kvinner omkom i ulukka i februar i fjor, medan to andre vart alvorleg skadd. Dei eldre kvinnene sat i ein liten Ford, og frontkolliderte da den rusa 60-åringen skjena over i deira kjørefelt.

Mannen er også frådømt retten til å ha førarkort på livstid, og må betale 283.000 kroner i erstatning og oppreising til pårørande og forsikringsselskap.