I retten hevda 54-åringen at han skulda pengar og vart truga på livet til å delta i den omfattande bilsvindelen.

Like fullt er han no dømt til eitt års fengsel, der halvparten av straffa er utan vilkår og må sonast.

Måtte forvente press

Rundt årtusenskiftet skal 54-åringen ha vore i desperat behov for pengar, etter at eit forventa forsikringsoppgjer uteblei. Løysinga vart eit illegalt høgrentelån på 100.000 dollar. Men han fekk raskt problem med avdraga, og vart utsett for hardt press og truslar frå miljøet.

Ifølgje mannens forklaring vart løysinga å bistå dei kriminelle i Spania med å omregistrere bilar frå utlandet på grunnlag av falske opphavspapir.

Nordfjordingens rolle skal blant anna ha vore å lage utkast til falske norske offisielle stempel – herunder Vegvesenets – og kladde falske norske vognkort slik at bilane framsto som opphaveleg frå Norge. Over hundre slike falske norske vognkort medverka han til å få produsert, forklarte mannen i retten.

Retten finn det sannsynlg at mannen var under eit press frå kreditorane. Men i og med forholda lånet var tatt opp under, måtte tiltalte forvente ein viss pågang frå kreditorane når han misleghaldt tilbakebetalinga, heiter det i dommen.

«Organisert kriminaltet»

Ifølgje tiltalt var det blant anna snakk om direkte drapstruslar mot han og familien. Men retten festar ikkje lit til forklaringa, og viser blant anna til at han aldri fortalte familien om det som truga.

Han søkte heller ikkje hjelp hjå politiet, korkje i Spania eller Norge. Endeleg viser retten til at forfalskingane skjedde over ein lengre periode. Dersom truslane var så alvrlege som han hevdar, ville han ikkje venta så lenge med å flykte til Norge, meiner retten.

Tingretten trur heller ikkje på tiltaltes forklaring om at nokon andre må ha planta bagen med forfalskings-utstyr, stempel og bilskilt i flyttelasset hans. Han er også funnen skuldig i å ha forfalska eks-kona si underskrift i ein fax til Telenor, for å få ut eit oversyn over teleforbruken hennar.

Retten meiner det er klart skjerpande at 54-åringen skjønte han bidrog til organi-sert kriminalitet. I formildande retning peikar retten på tilståinga og at saka er blitt fleire år gammal utan at tiltalte kan lastast.

Straffa er i tråd med aktors påstand. Domfelte er personleg konkurs, men må dekke 3.000 kroner av kostnadene det offentlege har hatt med saka.