JAN STEDJE

Det var sindige jostedøler som sette foten ned; berre nokre dagar med denne moderne form for breturisme var nok. For jostedølene.

— Rein helvetesmusikk frå helikopteret. Dette kan veitastrendingane ha åleine. Ei plage både for bygdefolket og turistane, som trekkjer til dalføret for å søke fred og ro under breen, lyder dommen frå jostedølene.

Tilsette i Sogn Billag som bur i Jostedalen, har sendt rapport om saka til sine overordna. Der blir tilstanden frå den faste landingsplassen for breturhelikopteret omtala slik: - Bussane våre som står parkert på anlegget vårt, vart sandblåste, og dørene i garasjen vart skeivslegne av lufttrykket, seier Arne Bjørk i Sogn Billag til Sogn Avis.

Hjorteflokkane i dalføret er borte vekk frå yndlingsplassane sine i fjellsidene i Krundalen. Skremt av helikopterruta til breen, gjennom denne sidedalen.

Breførarlaget i Jostedalen er heller ikkje nådig i sin kritikk. Turistane, som laget har lokka til Norge, er skuffa etter å ha lese om idyll, fred og ro i Jostedalen; i turistbrosjyren frå dalen.

— Våre turistar kjem ikkje til Norge og Jostedalen for å oppleve helikopterstøy, seier Steinar Bruheim i Jostedalen Breførarlag.

I går møtte framstegspartikongen veitastrendingane. Tema: Helikopterturisme til breen, til fjelltoppen Kaldakari. Hagen skal laga blest for veitastrendingane. I Jostedalen blåste altså bygdefolket bokstaveleg talt helikopterturismen ut av dalføret sitt. Etter ein kort prøveperiode.

FOR STØYANDE: Carl I. Hagen var i går i Veitastrond for å laga blest om planane for helikopterturisme. I Jostedalen vart helikopterturismen kortvarig.
FOTO: SOGN AVIS