Fridtun vart tidlegare i år vald til fylkesleiar for AUF i Sogn og Fjordane, og var ferdig med første året på sjukepleiarhøgskulen. Ho var ei av dei som aldri kom attende i live frå Utøya.

Fylt til randa

Artist Jorunn Erdal song «Amazing Grace». På kyrkjebenken sat helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og partisekretær Raymond Johansen frå Ap.

Kyrkja kan huse kring 400 personar. Allereie ein time før gravferda var det fullt

Sokneprest Kjetil Netland leia gravferda.

— Hanne såg spesielt fram til å treffe og høyre Gro Harlem Brundtland på Utøya, sa presten.

Han fortalde at 19-åringen vart hjarteoperert på Haukeland som nyfødd. At ho vart heilt frisk.

— Vi er mange som er råka og mange ungdommar som har mista ein god ven, sa presten.

Styrka av trua

— Eg må tenkje grundig gjennom kva eg skal seie. Eg ber sjølv om hjelp for å finne dei rette orda og den rette bodskapen, sa Netland til BT førre veke.

- Er det vanskeleg å tru i ein slik situasjon?

— Tru og tvil er to sider av same sak. Det å vere eit menneske er å vere ein tvilar. Kvifor er det så mykje vondt i verda? Livet har mange spørjeteikn, og det finnest ikkje lettvinte svar. Eg ser at når menneske opplev fryktelege ting, blir trua forsterka. Det er eit paradoks, men ofte blir det slik. Tru gjev oss styrke, seier han.

Partisekretær i Arbeiderpartiet, Raymond Johansen, fortalde at Fridtun var blant ungdommer som ville byggje eit betre samfunn.

- Integretet

— Ho var på det som skulle vera det tryggjaste og finaste stedet for ei jente på 19 år, sa han.

Partisekretæren beskreiv henne i tillegg som ei jente av høg integritet i si tale:

— Ho valde yrke på samme måte som ho valde politikken; med fokus på omsorg for dei svake. Dette står i en uendeleg kontrast til det ho vart utsett for den 22. juli på Utøya.

IMAG0326.jpg
ØYSTEIN TORHEIM