Særpreg er ikkje spesielt velkoment hjå uniformerte billigbutikkar av typen RIMI eller REMA. Men butikken i Olden er litt mindre kjip enn RIMI-butikkar flest.

For her er det rim-i-butikken, på kvar einaste kassalapp.

Krav frå kundane

— Det starta for fire års tid sidan, eg var lei av det tradisjonelle «takk for besøket, velkommen igjen» nedst på kassalappen. Så eg byrja å setje inn nokre små fraser i staden. Responsen var stor, og sidan har det berre balla på seg. No forlangar kundane nye dikt minst kvar fjortande dag. Det er nesten så eg får prestasjonsangst, fortel kjøpmann André Opheim.

RIMI gjer som kjent Noreg billegare, og Hagen rikare. I Olden gjer RIMI dessutan Norge trivelegare. Opheim-familien har drive butikk i Olden i snart 40 år.

Meir enn 150 ulike dikt er det vorten - han blar i ein bunke gamle kassalappar. Han rotar fram ein krøllete ein:

Høgalmen har blitt femogtretti skarp, solvent og skikkeleg sprett i verdensvant ungkar – alt på stell jomfru, jordnær sensuell

Lokalt slår best

— Utan tvil er det dei lokale, dei som spelar på folk eller hendingar her i bygda som slår best an. Mange samlar på dei; eg kjenner folk som har mine samla verk komplett, seier André Opheim Diktfagleg heller nok dei fleste i retning kitch, men ofte med overraskande lokale innstikk. Som då kompisen mista lappen:

Oldeelva vid av varme Fager farge, full av fisk Sommar, sol og sydens sjarme Flåten er ein fotturist

Og då same mann hadde fått tilbake førarkortet nokre månader seinare:

Om hausten er komen og verda er hard Finst det solskin, kjærleik og glede Fantastiske fargar, lufta er klar Og i elva fiskar dei krede Livet lysnar smått om senn, og Flåten har fått lappen igjen

Ikkje gjennomslag

Elles er tematikken ofte henta frå sport, politikk eller lokale åremålsdagar. Og ein porsjon snikreklame for RIMI.

— Eg prøvde å få marknadssjefen i RIMI til å innføre dette konseptet over heile landet. Han var ikkje særleg entusiastisk, og meinte det berre kunne fungere slik lokalt. Men eg er sikker på at det kunne ha gått, berre det vart gjort på rette måten.

Kjøpmannspoet Opheim har oppnådd mykje merksemd og entusiasme rundt arbeidet sitt, og får difor lov til å halde på.

— Men ein gong var det nesten stopp. Ein forretning, i Oslo trur eg det var, skreiv grisevitsar på kassalappen, og no har RIMI sentralt sperra denne «Ha en god dag»-teksten på kassalappen for endringar. Men dei opnar opp slik at eg kan legge inn mine ting.

For til og med streite, uniformerte RIMI skjønar kva som ville skjedd om André ikkje fekk publisere verka sine: Det ville bli opprør og protestar blant trufaste kundar.